Mannen bak Marshall - hjelpa
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.10.2003
Det er 50 år sidan general Georg C. Marshall vart
tildelt Nobels fredspris for sitt hjelpeprogram for å få Europa
på fote etter 2. verdskrig. Eit bevis for at det kan banke eit varmt
hjarta bak ein streng militær holdning.
Kort fortalt var Marshall-planen (European Recovery Program)
ein plan for økonomisk hjelp til dei krigsherja europeiske landa
etter 2. verdskrig. Ein forutsetning for å gi hjelp var at landa
kunne vise i praksis at dei ville samarbeide.
Sovjetunionen protesterte, og meinte det var eit forsøk
frå USA på å dominere Europa. På grunn av denne
motstanden fekk ikkje Øst-Europa ta del i Marshall-hjelpa. Dei vest-europeiske
landa organiserte frå 1948 Organisasjonen for Europeisk Økonomisk
Samarbeid (OEEC), som seinare vart OECD.
Opp gjennom gradene
Den militære karriéra til Georg Catlett
Marshall (1880-1959) starta den 11. september 1897, då kolhandlar
G. C. Marshall senior skreiv eit kort brev til sjefen for krigsskulen i
Virginia: -"Eg sender deg min yngste son. Han er energisk, og eg trur han
kjem til å klare seg bra". Det gjorde han også. Ved avgangseksamen
fire år seinare var han bestemann på kullet.
I 1902 vart han sendt til Filippinene som fenrik, der
han lærde å føre kommando i felten. Eit par år
seinare fekk han ordre om å melde seg ved den militære høgskulen
i Fort Leavenworth, der han avslutta som bestemann i klassen.
Etter fire år som kadett og instruktør hadde
han opparbeidd seg eit solid ry i hæren. Ein general skreiv i 1916
at kaptein Marshall burde utnevnast til general, og at han gjerne skulle
tenestegjere under han. Slike skussmål gjorde at han vart knytta
til dei første amerikanske styrker som drog til Frankrike i 1917.
Taktikkens meister
I 1927 vart Marshall utnevnt til den krevande stillinga
som nestkommanderande ved infanteriskulen i Fort Benning i Georgia, der
han vart ansvarleg for opplæringa. Her fekk han frie tøylar
til å utfolde og utvikle det talent for planlegging, instruksjon
og strategi som skulle få så stor betydning for USA i 2. verdskrig.
Ein glimrande innsats som sjef for krigsplanlegginga og
som neststabssjef i 1938 og 1939 overbeviste president Roosevelt om at
nettopp han var den som best kunne møte Aksemakta sin veldige militære
utfordring. Som sjef for generalstaben under den 2. verdskrig leia han
den enorme oppbygginga av det amerikanske forsvaret.
Etter 2. verdskrig vart Marshall spesialutsending til
Kina 1945 - 46, utenriksministar 1947 - 49 og forsvarsministar 1950 - 51.
Ved slutten av 2. verdskrig låg Europa i ruiner.
Som utenriksministar var Marshall overbevist om at Sovjetunionen berre
sat og venta på at heile kontinentet skulle falle som ei moden frukt,
og i ein tale ved eksamensfesten på Harvard den 5. juni 1947 la han
fram eit forslag om å gi Europa hjelp til sjølvhjelp ved å
pumpe inn enorme mengder pengar og amerikansk materiell. Det vart opptakten
til den oppsiktsvekkjande og svært vellukka Marshall-planen som med
eit slag sikra ein ny og betre framtid for 200 millionar menneske i Europa.
Takka være den vart Georg C. Marshall den første militære
person som til då hadde blitt tildelt fredsprisen av Det Norske Stortings
Nobelkomite.
Etter at Marshall døydde i 1959 gjekk vener og
beundrarar saman om å få gjennomført ein plan som president
Truman hadde sett fram i 1953, og som seinare vart støtta av presidentane
Eisenhover, Kennedy, Johnson og Nixon, om at det skulle byggast eit privatfinansiert
forskningssenter der generalen sine eigne papir, dokument og samtalar skulle
bli tilgjengeleg for forskarar.
I senteret, som vart opna i 1964 i Lexington, Virginia
- kan ein studere eit kjempemessig elektronisk kart som viser 2. verdskrig
sin historie, eller gå gjennom den spesielle salen som viser korleis
Marshall-planen gjenreiste Europa - og gjere seg opp ei meining om Marshall
sine dimensjonar som menneske. Når ein forlet bygninga, kan ein på
veggen i vestibylen lese denne hyllest frå Winston Churchill :
-"Under krig var han like klok og forståelsefull
i sine råd, som han var besluttsom i handling. I fred var han byggmeistar
som planla gjenreisinga av vår øydelagde europeiske økonomi,
samtidig som han kjempa utretteleg for å få oppretta eit vestleg
forsvarssystem. Han har alltid vore seierrik i kampen mot defaitismen,
motløysa og oppgivelse. Seinare generasjonar må aldri få
anledning til å gløyme hans innsats og eksempel." |