God medisin i årtusener
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.02.2005
Alt
for 2300 år sidan oppdaga den greske legen Hippokrates den smertestillande
effekten ein fekk ved å tygge blad eller bark frå piletreet.
Ei oppdaging vi no har svært god nytte av.
Det Hippokrates ikkje viste, var at det virksomme stoffet
var det bitre, sukkerliknande salicinet, som er den naturlege forma for
acetylsalisylsyre.
I det andre hundreåret fann Galen og andre greske
helbredarar ut at piletrebarken også var eit godt middel mot betennelse
og feber. Men ein må heilt fram til 1820-åra før ein
lukkast å trekkje salisylsyre frå plantar - og ein hadde då
klart å få fram eit produkt med velkjende febernedsetjande,
smertelindrande og infeksjonshemmande eigenskaper. Men syra hadde stygge
bivirkningar, for den irriterte slimhinna, halsen og magen. Difor måtte
forskarane sjå seg om etter ei erstatning, og det vart tyskaren Felix
Hoffmann som fann fram til acetylsalisylsyra.
Snart vart det sett i gang ein storstilt produksjon av
medisinen i pulverform. Den vart lansert verda over, men den vart kostbar
å bruke fordi den skulle pakkast på apoteka. Først då
ein klarte å produsere acetylsalisylsyre som tablettar i 1915, kom
det eigentlege gjennombrotet.
Sidan den tid har tablettane forandra seg lite. Dei finst
faktisk i medisinskapa i same form som for snart 90 år sidan.
Først i 1971 lukkast det forskarane å finne
forklaringa på acetylsalisylsyra sine eigenskapar. Det var engelskmannen
John Vane som oppdaga at syra hadde evne til å hemme danning av dei
hormonliknande stoffa prostaglandiner, som er kjemiske substansar som er
involvert i nær sagt alle biologiske funksjonar i kroppen.
Forskninga går vidare, og idag har oppdaginga til
Hippokrates fått stor betydning i forbindelse med behandling av hjerte-
og karsjukdommar. |