Namnedag
Kjelde: Nynorsk Wikipedia
Publiseringsdato: 25.05.2006
Ein namnedag er ein dag som er tileigna ein person sitt
førenamn. Det er ein merkedag for personar som har dette namnet,
og blir feira omlag som ein fødselsdag i nokre land, særleg
i Hellas og Sverige.
Kva namnedag ein har står i ei særskild liste.
I Noreg blir ho gjeven ut i almanakken, medan den offisielle katolske helgenlista,
som styrer katolske namnedagar, blir gjeven ut av Vatikanet.
Skikken med namnedagar oppstod i den kristne kyrkja, mest
for å redusera tydinga av den heidenske fødselsdagsfeiringa.
Det vart vanleg å ta namn etter den helgenen som i følgje
kyrkja vakta over datoen dåpsdagen fall på. Når helgenane
blei feira på sin dag, kunne dei som hadde namnet føla seg
litt spesielle. Det var òg rekna som meir heldig å feira dem
dagen ein tok imot dåpen og frelsen på, framfor dagen ein blei
fødd som eit syndig menneske.
Etter Reformasjonen fall mykje av den gamle helgendyrkinga
bort i Norden, og Noreg mista sin tradisjon med namnedagar. I Sverige,
derimot, levde han vidare. I øvre lag av samfunnet blei dagen feira
på same måte som ein fødselsdag, og namnedagar har sidan
vore feira i store delar av samfunnet i både Sverige og Finland.
I førstninga eksisterte det ingen standardiserte
lister over namnedagar, men i 1747 fekk Sverige ein offisiell almanakk.
To år senare vart namnedagar inkludert i denne almanakken. Etter
dette har namnedagsfeiring vore vanleg i store delar av Sverige og Finland.
Namnedagsskikken blei teken opp att i Noreg av Almanakkforlaget
i 1988, då dei fekk namneforskaren Kristoffer Kruken og andre til
å laga eit framlegg om nye namnedagar. Desse var baserte på
dei gamle namnedagane, men tok òg med nyare namn som var blitt vanlege
sidan då. Listene over namnedagar blir oppdatert nå og då.
Dei katolske landa feirar namnedagar etter ei offisiell
liste frå Vatikanet, men i mange land har namnedagsfeiring aldri
slått rot.
Hellas er mellom dei landa der namnedagsfeiring er mest
vanleg. I Noreg har namnedagsfeiring vorten vanlegare dei siste åra,
mens i Danmark er namnedagsfeiring svært uvanleg. I Finland ser ein
det som viktig å fordela namna på dagane slik at størst
mulig del av folket får ein namnedag, medan lista frå Vatikanet
held seg til helgenar, som dei stadig tek inn nye av.
Henta frå Nynorsk
wikipedia
Veit du kortid du har namnedag? Her er oversikt over
namnedager etter dato frå 2. januar til 31. desember.
Januar
1. januar : Ingen namnedag denne dato - 1. nyttårsdag
2. januar : Dagfinn og Dagfrid
3. januar : Alfred og Alf
4. januar : Roar og Roger
5. januar : Hanna og Hanne
6. januar : Aslaug og Åslaug
7. januar : Eldbjørg og Knut
8. januar : Turid og Torfinn
9. januar : Gunnar og Gunn
10. januar : Sigmund og Sigrun
11. januar : Børge og Børre
12. januar : Reinhard og Reinert
13. januar : Gisle og Gislaug
14. januar : Herbjørn og Herbjørg
15. januar : Laurits og Laura
16. januar : Hjalmar og Hilmar
17. januar : Anton, Tønnes og Tony
18. januar : Hildur og Hild
19. januar : Marius og Margunn
20. januar : Fabian, Sebastian og Bastian
21. januar : Agnes og Agnete
22. januar : Ivan og Anja
23. januar : Emil, Emilie og Emma
24. januar : Joar, Jarle og Jarl
25. januar : Paul og Pål
26. januar : Øystein og Espen
27. januar : Gaute, Gurli,Gryog Jøte
28. januar : Karl og Karoline
29. januar : Herdis, Hermod og Hermann
30. januar : Gunhild og Gunda
31. januar : Idun og Ivar
Februar
1. februar : Birte og Bjarte
2. februar : Jomar og Jostein
3. februar : Ansgar og Asgeir
4. februar : Veronica og Vera
5. februar : Agule og Ågot
6. februar : Dortea og Dorte
7. februar : Rikard, Rigmor og Riborg
8. februar : Åshild og Åsne
9. februar : Lone og Leikny
10. februar : Ingfrid og Ingrid
11. februar : Ingve og Yngve
12. februar : Randolf, Randi og Ronja
13. februar : Svanhild og Sveinung
14. februar : Hjørdis og Jardar
15. februar : Sigfrid og Sigbjørn
16. februar : Julian, Juliane og Jill
17. februar : Aleksandra, Sandra og Sondre
18. februar : Frøydis og Frode
19. februar : Elin og Elna
20. februar : Haldis og Haldor
21. februar : Samuel, Selina og Celine
22. februar : Tina og Tim
23. februar : Torstein og Torunn
24. februar : Mattias,Mattis og Mats
25. februar : Viktor og Viktoria
26. februar : Inger og Ingjerd
27. februar : Laila og Lill
28. februar : Marina og Maren
Mars
1. mars : Audny og Audun
2. mars : Erna og Ernst
3. mars : Gunnbjørg og Gunnveig
4. mars : Ada og Adrian
5. mars : Patrick og Patricia
6. mars : Annfrid og Andor
7. mars : Arild og Are
8. mars : Beate, Betty og Bettina
9. mars : Sverre og Sindre
10. mars : Edel og Edle
11. mars : Edvin og Tale
12. mars : Gregor og Gro
13. mars : Greta og Grete
14. mars : Mathilde og Mette
15. mars : Christel, Christer og Chris
16. mars : Gudmund og Gudny
17. mars : Gjertrud og Trude
18. mars : Aleksander, Sander og Edvard
19. mars : Josef og Josefine
20. mars : Joakim og Kim
21. mars : Bendik, Bengt og Bent
22. mars : Paula og Pauline
23. mars : Gerda og Gerd
24. mars : Ulrikke og Rikke
25. mars : Maria, Marie og Mari
26. mars : Gabriel og Glenn
27. mars : Rudolf og Rudi
28. mars : Åsta og Åste
29. mars : Jonas og Jonatan
30. mars : Holger og Olga
31. mars : Vebjørn og Vegard
April
1. april : Aron, Arve og Arvid
2. april : Sigvard og Sivert
3. april : Gunnvald og Gunvor
4. april : Nanna, Nancy og Nina
5. april : Irene, Eirin og Eiril
6. april : Åsmund og Asmund
7. april : Oddveig og Oddvin
8. april : Asle og Atle
9. april : Rannveig og Rønnaug
10. april : Ingvald og Ingveig
11. april : Ylva og Ulf
12. april : Julius og Julie
13. april : Asta og Astrid
14. april : Ellinor og Nora
15. april : Oda, Odin og Odd
16. april : Magnus og Mons
17. april : Elise, Else og Elsa
18. april : Eilen og Eilert
19. april : Arnfinn og Arnstein
20. april : Kjellaug og Kjellrun
21. april : Jeanette og Jannike
22. april : Oddgeir og Oddny
23. april : Georg, Jørgen og Jørn
24. april : Albert og Olaug
25. april : Markus og Mark
26. april : Terese og Tea
27. april : Charles, Charlotte og Lotte
28. april : Vivi og Vivian
29. april : Toralf og Torolf
30. april : Gina og Gitte
Mai
1. mai : Filip og Valborg
2. mai : Åsa og Åse
3. mai : Gjermund og Gøril
4. mai : Monika og Mona
5. mai : Gudbrand og Gullborg
6. mai : Guri og Gyri
7. mai : Maia, Mai og Maiken
8. mai : Åge og Åke
9. mai : Kasper og Jesper
10. mai : Asbjørg, Asbjørn og Espen
11. mai : Magda og Malvin
12. mai : Normann og Norvald
13. mai : Linda, Line og Linn
14. mai : Kristian, Kristen og Karsten
15. mai : Hallvard og Halvor
16. mai : Sara og Siren
17. mai : Harald og Ragnhild
18. mai : Eirik, Erik og Erika
19. mai : Torjus, Torje og Truls
20. mai : Bjørnar og Bjørnhild
21. mai : Helene, Ellen og Eli
22. mai : Henning og Henny
23. mai : Oddleif og Oddlaug
24. mai : Ester og Iris
25. mai : Ragna og Ragnar
26. mai : Annbjørg og Annlaug
27. mai : Katinka og Cato
28. mai : Vilhelm, William og Willy
29. mai : Magnar og Magnhild
30. mai : Gard og Geir
31. mai : Pernille og Preben
Juni
1. juni : June og Juni
2. juni : Runa, Runar og Rune
3. juni : Rasmus og Rakel
4. juni : Heidi og Heid
5. juni : Torbjørg, Torbjørn og Torben
6. juni : Gustav og Gyda
7. juni : Robert og Robin
8. juni : Renate og René
9. juni : Kolbein og Kolbjørn
10. juni : Ingolf og Ingunn
11. juni : Borgar, Bjørge og Bjørg
12. juni : Sigfrid, Sigrid og Siri
13. juni : Tone, Tonje og Tanja
14. juni : Erlend og Erland
15. juni : Vigdis og Viggo
16. juni : Torhild, Toril og Tiril
17. juni : Botolv og Bodil
18. juni : Bjarne og Bjørn
19. juni : Erling og Elling
20. juni : Salve, Sølve og Sølvi
21. juni : Agnar og Annar
22. juni : Håkon og Maud
23. juni : Elfrid og Eldrid
24. juni : Johannes, Jon og Hans
25. juni : Jørund og Jorunn
26. juni : Jenny og Jonny
27. juni : Aina, Ina og Ine
28. juni : Lea, Leo og Leon
29. juni : Peter, Petter og Per
30. juni : Solbjørg og Solgunn
Juli
1. juli : Ask og Embla
2. juli : Kjartan og Kjellfrid
3. juli : Andrea, Andrine og André
4. juli : Ulrik og Ulla
5. juli : Mirjam og Mina
6. juli : Torgrim og Torgun
7. juli : Håvard og Hulda
8. juli : Sunniva, Synnøve og Synne
9. juli : Gøran, Jøran og Ørjan
10. juli : Anita og Anja
11. juli : Kjetil og Kjell
12. juli : Elias og Eldar
13. juli : Mildrid, Melissa og Mia
14. juli : Solfrid og Solrun
15. juli : Oddmund og Oddrun
16. juli : Susanne og Sanne
17. juli : Guttorm og Gorm
18. juli : Arnulf og Ørnulf
19. juli : Gerhard og Gjert
20. juli : Margareta, Margit og Marit
21. juli : Johanne, Janne og Jane
22. juli : Malene, Malin og Mali
23. juli : Brita, Brit og Britt
24. juli : Kristine, Kristin og Kristi
25. juli : Jakob, Jack og Jim
26. juli : Anna, Anne og Ane
27. juli : Marita og Rita
28. juli : Reidar og Reidun
29. juli : Olav, Ola og Ole
30. juli : Aurora, Audil og Aud
31. juli : Elin og Eline
August
1. august : Peder og Petra
2. august : Karen og Karin
3. august : Oline, Oliver og Olve
4. august : Arnhild, Arna og Arne
5. august : Osvald og Oskar
6. august : Gunnlaug og Gunnleiv
7. august : Didrik og Doris
8. august : Evy og Yvonne
9. august : Ronald og Ronni
10. august : Lorents, Lars og Lasse
11. august : Torvald og Tarald
12. august : Klara og Camilla
13. august : Anny, Anine og Ann
14. august : Hallgeir og Hallgjerd
15. august : Margot, Mary og Marielle
16. august : Brynjulf og Brynhild
17. august : Verner og Wenche
18. august : Tormod og Torodd
19. august : Sigvald og Sigve
20. august : Bernhard og Bernt
21. august : Ragnvald og Ragni
22. august : Harriet og Harry
23. august : Signe og Signy
24. august : Belinda og Bertil
25. august : Ludvig, Lovise og Louise
26. august : Øyvind, Eivind og Even
27. august : Roald og Rolf
28. august : Artur og August
29. august : Johan, Jone og Jo
30. august : Benjamin og Ben
31. august : Berta og Berte
September
1. september : Solveig og Solvor
2. september : Lisa, Lise og Liss
3. september : Alise, Alvild og Vilde
4. september : Ida og Idar
5. september : Brede, Brian og Njål
6. september : Sollaug, Siril og Siv
7. september : Regine og Rose
8. september : Amalie, Alma og Allan
9. september : Trygve, Tyra og Trym
10. september : Tord og Tor
11. september : Dagny og Dag
12. september : Jofrid og Jorid
13. september : Stian og Stig
14. september : Ingebjørg og Ingeborg
15. september : Aslak og Eskil
16. september : Lillian og Lilly
17. september : Hildebjørg og Hildegunn
18. september : Henriette og Henry
19. september : Konstanse og Connie
20. september : Tobias og Tage
21. september : Trine og Trond
22. september : Kyrre og Kåre
23. september : Snorre og Snefrid
24. september : Jan og Jens
25. september : Ingvar og Yngvar
26. september : Einar og Endre
27. september : Dagmar og Dagrun
28. september : Lena og Lene
29. september : Mikael, Mikal og Mikkel
30. september : Helga, Helge og Hege
Oktober
1. oktober : Rebekka og Remi
2. oktober : Live og Liv
3. oktober : Evald og Evelyn
4. oktober : Frans og Frank
5. oktober : Brynjar, Boye og Bo
6. oktober : Målfrid og Møyfrid
7. oktober : Birgitte, Birgit og Berit
8. oktober : Benedikte og Bente
9. oktober : Leidulf og Leif
10. oktober : Fridtjof, Frida og Frits
11. oktober : Kevin, Kennet og Kent
12. oktober : Valter og Vibeke
13. oktober : Torgeir, Terje og Tarjei
14. oktober : Kaia og Kai
15. oktober : Hedvig og Hedda
16. oktober : Flemming og Finn
17. oktober : Marta og Marte
18. oktober : Kjersti og Kjerstin
19. oktober : Tora (navn) og Tore
20. oktober : Henrik, Heine og Henrikke
21. oktober : Bergljot og Birger
22. oktober : Karianne, Karine og Kine
23. oktober : Severin og Søren
24. oktober : Eilif og Eivor
25. oktober : Margrete, Merete og Märta
26. oktober : Amandus og Amanda
27. oktober : Sturla og Sture
28. oktober : Simon og Simen
29. oktober : Noralf og Norunn
30. oktober : Aksel, Ånund og Ove
31. oktober : Edit og Edna
November
1. november : Veslemøy og Vetle
2. november : Tove og Tuva
3. november : Raymond og Roy
4. november : Otto og Ottar
5. november : Egil og Egon
6. november : Leonard og Lennart
7. november : Ingebrigt og Ingelin
8. november : Ingvild og Yngvild
9. november : Tordis og Teodor
10. november : Gudbjørg og Gudveig
11. november : Martin, Morten og Martine
12. november : Torkjell og Torkil
13. november : Kirsten og Kirsti
14. november : Fredrik, Fred og Freddy
15. november : Oddfrid og Oddvar
16. november : Edmund og Edgar
17. november : Hugo, Hogne og Hauk
18. november : Magne og Magny
19. november : Elisabeth og Lisbet
20. november : Halvdan og Helle
21. november : Mariann og Marianne
22. november : Cecilie, Silje og Sissel
23. november : Klement og Klaus
24. november : Gudrun og Guro
25. november : Katarina, Katrine og Kari
26. november : Konrad og Kurt
27. november : Torlaug og Torleif
28. november : Ruben og Rut
29. november : Sofie og Sonja
30. november : Andreas, Anders og Andrea
Desember
1. desember : Arnold, Arnljot og Arnt
2. desember : Borghild, Borgny og Bård
3. desember : Sveinung og Svein
4. desember : Barbara og Barbro
5. desember : Stine og Ståle
6. desember : Nils og Nikolai
7. desember : Hallfrid og Hallstein
8. desember : Marlene, Marion og Morgan
9. desember : Anniken og Annette
10. desember : Judit og Jytte
11. desember : Daniel og Dan
12. desember : Pia og Peggy
13. desember : Lucia og Lydia
14. desember : Steinar og Stein
15. desember : Hilda og Hilde
16. desember : Oddbjørg og Oddbjørn
17. desember : Inga og Inge
18. desember : Kristoffer og Kate
19. desember : Iselin og Isak
20. desember : Abraham og Amund
21. desember : Tomas og Tom og Tommy
22. desember : Ingemar og Ingar
23. desember : Sigurd og Sjur
24. desember : Adam og Eva
26. desember : Stefan og Steffen
27. desember : Narve og Natalie
28. desember : Unni, Une og Unn
29. desember : Vidar og Vemund
30. desember : David, Diana og Dina
31. desember : Sylfest, Sylvia og Sylvi |