Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

 

 
Olabuksa og pionérane
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.02.2005

Ein gong var "jeans" eller dongeribukser arbeidsantrekk for gardsgutar, tømmerhoggarar og anleggsarbeidarar; no ser vi dei spankulere, spasere, slentre og slenge overalt, på arbeid og i fritida. 

I 1950-åra var dongeribukser eit vanlig leikeantrekk for barn verda over. I ei tid der nikkers og knestrømper var eit vanleg antrekk - gjekk tenåringar til angrep på foreldre og lærarar for å få lov til å bruke "olabukser" på skulen. 

Det gjorde at buksene vart eit symbol på opprør mot autoritet og tvang - i familiar og i samfunnet, både verkeleg og innbilt. Den som gjekk med slike bukser gav signal om at han eller ho tilhøyrde ungdomssamfunnet og var imot dei vaksne. 
 
 

Det er ikkje tilfeldig at både livsstil og klesplagget kan førast attende til den uvørne, fargerike gullgravartida i California. 

Det heile starta då den tjue år gamle Levi Strauss i 1850 utvandra frå Bayern og kom med ei seglskute til San Francisco for å søkje lukka som gullgravar. 

I bagasjen hadde han ulike varer, bl.a. eit tjukt, brunt segldukslerret han hadde tenkt å selje til skjerparane som teltduk og vognpressenning. 

Men ingen var interessert i telt, men dei fleste av gullgravarane mangla arbeidstøy som kunne tåle påkjenningar.

Levi fekk derfor ein skreddar til å lage bukser av det slitesterke stoffet. Snart vart det vide kjent rundt om at "Levis buksa" - og seinare berre "Levis" - var det mest robuste som fanst, og etterspørselen steig. Levi Strauss skjøna at han hadde funne ei ny slags gullgruve, og opna snart sin eigen forretning for arbeidsklede i San Fransisco. 

Dei kleda Levi Strauss, og tilkomande konkurrentar, produserte vart den reine uniform for menn som la jernbaneskinner, dreiv kveget, hogde tømmer, braut ny jord på prærien og bygde byane i den nye amerikanske nasjonen. 

Men kva skuldast denne manien for blå dongeribukser ? - Det er greit å følgje ein mote når den er både smart og billeg, er ein forklaring frå fabrikantane. Plagga er både moderne, rimelege, slitesterke og behagelege å gå med, enten det er snakk om eit par utvaska, frynsa ovnsrøyr, eller ein skreddarsydd drakt. 
Etterkvart skjedde noko pussig: Buksene vart oppdaga av moteskaparane, og så spratt dei ut i full blomst i butikkane - "blue jeans", "Levi´s", "denim" og dongeri, medan namnet "olabukser tok til å bli mindre brukt. 

Far og mor, onklar og tanter, rike og fattige skulle ha slike moteriktige bukser. Rett nok blei mange av dei unge pionérane rasande over at foreldra deira også brukte slike bukser. Dei innførte difor ein ny trend. Hol vart lappa og overbrodert, rifter blei dekka med flettesnor. Ein utslitt buksebak vart påsydd eit stykke frå ei anna bukse. Var buksene falma ? Alle tiders ! No skulle fillete, frynsa, falma og lappa bukser vise dei unge sin forakt for autoritet, materielle verdiar og statusjakt. 

Nok ein gong var moteskaparane på høgde med situasjonen. Maskinbroderte lappar blei sydd over hol som ikkje fantest. 

Flunkande nye jeans vart bleika, og om bleikemiddelet laga hol i tøyet, var det berre ein fordel. 

I dagens samfunn er det heilt greit at barn, unge, foreldre og besteforeldre brukar dongeribukser. Gemyttane har roa seg. Dei unge har forlengst akseptert at foreldra brukar same antrekk. 

Nye eller brukte, alminnelege eller forseggjorte - olabukser kjem vi truleg til å sjå i lange tider framover. Dei har iallfall greid noko som verdas statsmenn ikkje har oppnådd: å samle alle menneske på vår urolege klode om ein ting - å gå med same slags bukser. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal