Posten skal fram
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.08.2005
Postvesenet vart innført i Noreg av den danske
stattholdar Hannibal Sehested i 1647. Det var først ei privat og
priviligert verksemd, men frå 1719 drive av staten.
LITT HISTORIKK
Postruter på inn- og utland utvikla seg i takt
med samferdslemidlane.
Frimerker vart innført i 1856. Pakkeposttenesta
kom i stand frå 1827, lokalposttenesta frå 1856, landpostbod
frå 1885, postanvisningssystemet frå 1883 og postinnkassasjon
frå 1908.
I 1946 - 300 år etter at Postverket vart innført,
var det oppretta :
94 postkontor
68 underpostkontor
3431 postopneri
1074 brevhus
201 reisande poststader (skip og jernbane)
Det var 9500 faste stillingar og eit reservepersonell
på ca. 2500.
Totalt antal postsendingar: 549 mill. Av dette bl.a.:
273 mill. brevpost
10 mill. pakkar
9 mill. postanvisningar
245 mill. blad |