Rav - Nordens gull
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.02.2005
Rav er ikkje anna enn forsteina harpiks, men like sidan
oldtida har det blitt forma til fine smykker frå havet, og det har
hjelpt til å bevare mange interessante trekk frå dyre- og planteliv
i forhistorisk tid.
For 3000 år sidan reiste foretaksomme menn i Norden
sørover for å handle langs dei store elvane Elben og Saale.
Dei brukte rav som betalingsmiddel. Snart fann dei vegen heilt ned til
dei meir siviliserte folkeslaga omkring Middelhavet. I dei neste hundreåra
farta desse handelsmennene på kryss og tvers i Europa for å
bytte den honninggule skatten mot bronse, jern og klede.
I det gamle Romerriket var Rav verd si vekt i gull. Der
var slottshallar som glimta av rav. Kvinner brukte det som hårpynt,
og romerske rikmenn betalte meir for eit stykke rav enn for ein prima slave.
Eit innsekt som ein gong i tertiærtida vart fanga
av flytande kvae, og seinare forsteina til rav.
Rav er fossil eller harpiks frå nåletrær
(Pinus succinifera) som voks i Nord-Europa tidleg i tertiærtida for
40-50 millionar år sidan. Kvaen hardna og vart innleira i avleiringar
på havbotn. Seinare kan dei ha blitt flytta under istidene og avleira
i moreneleire eller skylt opp av havet på strendene under storm.
Dei største stykka kan vege fleire kilo. Rav er så bløtt
at ein kan risse i det med negla (hardheit 2-2,5) litt tyngre enn vatn
(densitet 1.05-1,10 g/cm3).
Den viktigaste kilda for rav har vore sørkysten
av Østersjøen, spesielt Polen.
I Danmark finst det i ravpinnelag og moreneleire langs
Nordsjøkysten. Andre funnstader er Burma, Sicilia og Romania.
Historia fortel at folk både i Norden og sydligare
strøk meinte at rav hadde ein lykkebringande eigenskap, det verna
mot onde makter og kunne helbrede sjukdomar. Legekunstens far Hippokrates
erklærte at det hjalp mot alt, frå struma til delerium.
Grekarane meinte at rav var størkna tårar
frå Solgudens døtre, og kalla stoffet "elektron". Den forunderlege
krafta som dei hadde oppdaga var naturlegvis elektrisitet. Men det skulle
gå eit par tusen år før det vart konstantert at magnetismen
i rav skuldast atompartiklar med negativ ladning - og at desse "elektronane"
kunne sende straum gjennom ein ledning.
I det 19. århundre fekk ein tysk ingeniør
ideén til ei form for gruvedrift som gjorde det mulig å utvinne
rav frå jordlaga ved kysten av Øst-Preussen. Han fann eit
lag av blåleire 25 meter under bakken, som inneheld ei mengde rav.
På få år vart marknaden så metta at det før
så kostbare stoffet brått vart ei vanleg handelsvare.
Entomologane, som tok dei gylne klumpane under lupa og
granska insekta som var innkapsla i stoffet, kunne fortelje at det i dei
fleste tilfella dreia seg om dei same artane som vi kjenner i dag. Når
ein så undersøkte dei geologiske laga der ravet vart funne,
var det lett å rekne ut at dei små, vel bevarte mumiane var
50 millionar år gamle.
Kven veit, - om 50 millionar år vil kanskje ein
eller annan skapning, like fjern frå oss som vi frå fortidsøglene,
stå med ein forsteina harpiks i handa og sjå på noko
som er innkapsla i den frå vår tid. |