Noregs ryggrad
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.12.2004
Då nedgangstida kom etter 1. verdskrig, fall prisane
på jordbruksvarer meir enn på andre varer. Det var ei hard
tid for bøndene våre. Mange odelsgardar gjekk då ut
or slekta.
Verdskrigen i 1914 kom uventa på oss. Vi hadde nett
hatt den store jubileumsutstillinga (1814-1914) i Kristiania, og folk gledde
seg over hundre år med fred og framgang i landet.
Brått vart det andre ting å tenkja på.
Landet hadde små varelager, og prisane flaug i veret. Ein sekk rugmjøl
kunne ein dag kosta 16 kroner, neste dag 26. Det førde til at folk
storma til bankane for å ta ut pengane sine for å hamstra varer
i butikkane. Staten måtte snart gripe inn og fastsetje maksimalprisar.
Dei som førde krig, ville gjerne ha tak i varene
våre: fisk, cellulose, salpetersyre og svovelkis, og dei betalte
svære prisar. Det var jobbetid, og mange tente store pengar.
Gunnar Knudsen var statsministar i desse krigsåra.
Riksstyret hans greidde å halda Noreg utanfor krigen, men det var
ei svært vanskeleg tid for dei som styrde landet. Tyskland lova oss
krig, dersom vi leverte for mykje varer til England. England ville sjølvsagt
avgjera kor mykje Tyskland skulle få.
Det gjekk med store summar til nøytralitetsvakt
på den lange kysten vår. Statsgjelda steig til det tredoble
i krigsåra - frå om lag 350 til 1000 millionar kroner.
Handelsflåten
Det minka på varene. I 1917 måtte vi til
å rasjonera slike varer som mjøl, sukker og kaffi. At vi likevel
ikkje leid verre naud, kan vi takka handelsflåten vår for.
Då 1. verdskrig tok til i 1914, var flåten
nr. 4 i storleik - etter England, U.S.A. og Tyskland.
Tyskarane freista å søkkja alle skip som
gjekk med varer til fienden, særleg til England. For sjømennene
var det å "setja livet inn". I dei fyrste 5 månadene av 1917
vart 300 norske skip borte i djupet, jamt over 2 for dagen. Bortimot halvparten
av flåten vår vart søkkt, og 2000 sjømenn mista
livet.
Ikkje noko anna land miste ein så stor del av flåten
sin i krigen. Det gjekk likevel fort å byggja den oppatt. I 1939,
før 2. verdskrig, var vi atter på 4. plassen. Flåten
vår var svært moderne og tredjeparten var store tankskip.
Bøndene
Då nedgangstida kom etter 1. verdskrig, fall prisane
på jordbruksvarer meir enn på andre varer. Det var ei hard
tid for bøndene våre. Mange odelsgardar gjekk då ut
or ætta.
I 1920 vedtok Norsk Landmannsforbund å stiga fram
som politisk parti. Bøndene hadde no gjort som staten bad dei. Dei
hadde pløgt opp mykje åker for å skaffa korn. No då
prisane vart så skrale, kravde dei tollvern. Programmet til bondepartiet
vart : Tollvern og sparing.
I 1926 fekk dei innført korntrygd. Kornmonopolet
betalte no bøndene noko meir enn verdsprisen for å halda norsk
korndyrking oppe.
Jordbruket gjekk storleg fram. Bøndene starta samkjøp
av kraftfor og kunstgjødsel. Dei organiserte seg med mjølkesentralar,
fleskesentral og samslakteri. Kontrollassistentar gjekk omkring i fjøsa
og rettleia. Jordbruksskular og prøvegardar fann fram til dei rette
plantesortane og husdyrslaga.
Arbeidsløn og andre utgifter steig svært,
så bonden måtte få store avlingar og selja meir. Bonden
måtte fylgja godt med på alle område om han skulle greia
seg.
Bøndene vart kalla ryggraden i landet, 30 % av
folket levde av jord- og skogbruk, og før 2. verdskrig skaffa jordbruket
mellom 60 og 70 % av den maten vi trong. Under krigen viste det seg kor
naudsynt det var å vera mest mogeleg sjølvberga.
------------------------------------------------------------------------
Kjelde : Bernhard Stokke : Folket vårt gjennom
tidene. |