Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 
Spor etter istidene
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.11.2003

Spor etter nedisinga for 600 millionar år sidan består vesentleg av bergartar kalla tillitter. Dei er danna av herda morenemateriale, og vi finn dei bl.a. i Finnmark og ved Moelv på austsida av Mjøsa. 

Spor etter den siste istida, den som slutta for mindre enn 10000 år sidan, finn vi så og sei overalt i Norden. 

Breen som låg over Skandinavia var truleg opptil 3-4 km tjukk. Enkelte høge toppar stakk opp over isen og er, med eit eskimoisk ord, kalla nunataker. Botanikarane trur at nokre områder var isfrie, noko geologane tvilar på. 

Årsaka til istidene 
Det er ingen semje om årsakene til dei store nedisingane. Mange teoriar har vore hevda; forandringar i sola si stråling, solflekkvariasjonar, endringar i jordaksen sin helling, veksten av store fjellkjedar som følgje av jordskorpefolding, variasjonar i atmosfæren sin innhald av karbondioksyd. Ingen teori er tilfredstillande. 

Omkring 1850 vart det full semje om at store delar av Nord-Europa og Nord-Amerika hadde vore dekka av is. Seinare granskingar i Patagonia har vist at også delar av den sørlege halvkule var nedisa, og i tropane låg snøgrensa ca 1000 meter lågare enn i våre dagar. 

Istida viste seg ved fleire grundige studiar i Alpane å ha bestått av fire nedisingar, kalla Günz, Mindel, Riss og Würm, avskilt av mellomistider då klimaet var minst like varmt som no. Desse nedisingane har funne stad i løpet av den siste årmillionen. 

I Finnmark har forskarar funne spor etter to nedisingar for minst 600 millionar år sidan, og i Sør-Amerika, Sør-Afrika, Australia og India er det talrike restar etter nedising i karbon-perm-tida. 

I Noreg har den siste nedisinga - Würm - sletta ut nesten alle spor etter dei tre tidligare. 

Tyngda på breane pressa jordskorpa eit godt stykke nedover i Jorda. Då isen smelta, tok landet til å stige. 

Dei glattskurte holmar og skjær langs kysten er for ein stor del rundsva som vart forma og slipt av innlandsisen. Då landet steig, kom desse opp saman med leirmasser som breelvane hadde ført ut i havet. 

Stadier av vår tids brear aukar forståelsen av prosessane under nedisingane. Ein bre har eit næringsområde opp i høgda, og eit avsmeltningsområde under snøgrensa. Breen sjølv har ein øvre, stiv sone som kan sprekke opp, og ein nedre, plastisk sone som gjer at breen kan "renne" som ei langsom elv nedover ein dal. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal