Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

   
Til "spott og spe" for alle
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.10.2005

Gapestokk vart mykje brukt i gammal tid som straff for folk som dreiv med banning og laga bråk i gata eller under gudstenesta. Gapestokken sto på torget eller ein annan offentleg plass. Syndaren vart lenka fast med ein jernbøyle rundt halsen slik at han sto til spott og spe for alle. 

Dette vart kalla "halsjern" eller "å bli lenka til pelen". Siste gong den vart brukt i Noreg, var i Moss 1840. Enno snakkar vi om "å komme i gapestokken", og meinar då at ein dummar seg ut og vert til latter for alle. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal