Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

  

 
Starten på den store reisefeberen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.07.2003

I dag er "ferdigpakka" feriereiser med fly omtrent den beste handel du kan gjere. Jetfly frå eit skydekka Skandinavia svermar mot sydens sol som møll mot eit brennande lys. 

Nord, sør, aust, vest - aldri har vi hatt slik anledning til å feriere der vi helst vil. Her er endelig noko som er blitt billigare og billigare, - men kven var det som fekk ideen om pakketurar til syden ? 

Det var ein ung London-journalist, Vladimir Raitz. som først fant på å gå i gang med masseproduksjon av flyreiser for ein billig penge. I 1950 leigde han ei Dakota-maskin med 32 plassar for å tilby studentar og lærarar ein 14 dagars ferie på Korsika for 650 kroner. Godt og vel 300 menneske blei med på desse reisene, som tok fem og ein halv time i lufta over Europa i det langsomme tomotors flyet. 

Året etter hadde Raitzs 400 kundar. I 1952 flaug selskapet hans Horizon Holidays 700 engelske menn til Korsika, og då begynte konkurrentane på begge sider av Kanalen å røre på seg. 
Ferierevolusjonen var i gang. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal