Kampen for stemmerett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.10.2005
1880-åra var ei bevega tid i norsk politikk. På
alle områder, i politikk og åndsliv, stod kampen mellom nytt
og gammalt. Då venstrepartiet vann sin avgjerande siger i 1883, håpa
også kvinnene å få sine krav gjennomført.
Norsk Kvinnesaksforening vart stifta i 1884, og under
leiing av den staselege og myndige Georgine (Gina) Krog førte foreninga
gjennom nesten 30 år ein utretteleg kamp for stemmeretten, som var
kvinnene si store merkesak over heile verda.
Georgine
Krog (1847 - 1916) var ein av forkjemparane for kvinnesaka i Noreg.
Ho var i mange år lærarinne ved ein høgare "pikeskole"
i Oslo, og kjempa heile livet sitt for at kvinnene skulle få større
rett og fridom. I 1904 stifta ho Norske Kvinners Nasjonalråd, og
var formann i mange år. Då ho døydde, vart ho gravlagt
på Statens bekostning.
I 1901 fekk norske kvinner stemmerett ved kommuneval,
nokre år etter fekk dei velstilte kvinnene stemmerett ved stortingsval,
og i 1913 fekk dei stemme alle saman. Noreg var den einaste stat i verda
der kvinnene hadde fått politisk likestilling før verdskrigen
i 1914. |