Armbandsur starta som smykker
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.03.2005
Armbandsur
vart først populære blandt menn under 1. verdskrig. Dei var
enklare å bruke for soldatane i skyttargravene enn å finne
fram lommeuret under dei tjukke frakkane.
Før var det flest kvinner som gjekk med armbandsur,
fordi dei fleste menn oppfatta dei som smykker. Overstrødd med diamantar
og rubiner kunne det være vanskeleg å sjå at smykket
også var i stand til å vise tida.
Sveits var solid på marknaden med presisjonsur inntil
urfabrikken Seiko kom med kvartsur i 1969. Japanarane kunne produsere ultranøyaktige
armbandsur med kvartskrystaller langt betre og billigare enn sveitserane. |