Verdas største- og minste ur
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.06.2003
Det uret som vart vist fram på verdsutstillinga
i St. Louis i 1904, er antagelig det største som nokon gong er laga.
Urskiva var ein grasplen nesten 50 m i diameter.
Siffera var 4,5 m høge og minuttstrekane var av
blomster. Minuttvisaren var over 22 meter lang og vog over eit tonn.
Verdas minste ut vart laga i Sveits i 1930-åra.
Diameteren er 6,8 mm, sjølve urverket veg verre 0,95 g. og spiralfjæra
ikkje meir enn 0,0001 g.
Svetsarane har og laga verdas tynnaste ur. På ei
utstilling i Sveits i 1933 vart det vist eit herrelommeur som såg
ut som eit vanleg lommeur, bortsett frå at tjukkelsen på urverket
berre var 0,95 mm.
Av kjente store tårnur har Big Ben i London (1859)
ei urskive på 6,85 m i diameter. I Hamburg finst eit på 7,8
m, i Paris eit på 8 m, og i Golgate, New Jersey, USA, er det eit
på heile 15 m i diameter.
Tårnuret på Oslo Rådhus har ein diameter
på 8,55. Det astronomiske ur på Rådhuset er 5 m i diameter.
.............................................................
Litt : Alte Uhren (Darmstadt 1955) |