Ei viktig folkeavstemming
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 17.06.2005
I folkeavstemminga 12. - 13. november 1905 måtte
det norske folk ta stilling til om dei ville oppfordre prins Carl av Danmark
til å la seg velje til Noregs konge.
Spørsmålet som veljarne måtte ta stilling
til i november 1905 var : "Er den stemmeberettigede i Stortingets bemyndigelse
til regjeringen om å oppfordre prins Carl av Danmark til å
la seg velge til Norges konge, svarer han: "ja", er han ikke enig svarer
han. "nei".
Etter folkeavstemminga om unionsoppløysinga i 1905
var det mange som var lite begeistra for at det vart endå ei avstemning.
Regjeringa var i utgangspunktet innstilt på å
trumfe gjennom framleis kongedømme utan å leggje saka fram
for folket - fordi resultatet virka meir usikkert enn ved folkeavstemninga
om unionsoppløysinga i august. Sjølv om det var eit stort
antall taktiske monarkistar, var det også mange som ville ha republikk.
Republikanarane mobiliserte for kravet om å gje folket ein sjanse
til å seie si mening også om statsformspørsmålet.
Dette fekk også den påtenkte kongen, prins Carl av Danmark,
til å ytre ønske om folkeavstemming.
I Hordaland og Sogn og Fjordane, som då heitte "Søndre
Bergenhus amt" og "Nordre Bergenhus amt" vart resultatet slik :
Søndre Bergenhus amt (Hordaland med Bergen)
Ja : 23854 stemmer
Ja : 75,24 %
Nei : 7848 stemmer
Nei : 24,76 %
Stemmeføre : 40668
Deltaking : 77,95
Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane)
Ja : 11610 stemmer
Ja : 80,40 %
Nei : 2830 stemmer
Nei : 19,60 %
Stemmeføre : 18278
Deltaking % : 79,00
Heile landet :
Ja : 261650 stemmer - 79 %
Nei : 69519 stemmer - 21 %
Stemmeføre : 439718
Deltaking 75,31 %
Kongen kom til Kristiania 25. november 1905.
27. november avla kong Haakon VII ed til forfatninga
i Stortinget. Ei høgtideleg stemning prega salen. Kongen lova å
"tjene fædrelandet, dets fremtid og lykke i samarbeid med stortinget
og i overensstemmelse med grundloven". |