Oppgangssaga
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.12.2004
Dei fyrste sagbruka i Noreg kom i sving ikring år
1500. Då stod skogen tett heilt ned til kysten. Før den tid
vart det berre hogd litt tømmer for sal, - og stokkane vart kløyvde
med øks og kilar.
Grunnen til at skogen voks fram skuldast i stor grad Svartedauden
som herja i året 1349 - 50, - og som gav landet vårt ein alvorleg
knekk. I mange bygder døydde folket heilt ut, andre stader vart
det berre nokre få att. Omlag ein tredjepart av folket strauk med.
Det vart få att til å halde jorda i hevd.
Det var ikkje leiglendingar og arbeidsfolk å få, og skogen
voks innover den dyrka marka. Mange "øydegardar" har namnet sitt
frå den tida.
Her ser du korleis dei nytta vasskrafta i gamle dagar.
Det hjulet som er midt på biletet, vart drive rundt når vatnet
vart ført ned gjennom den renna du ser ovanfor.
Bord av tømmer som vart kløyvd med øks
og kilar vart dyre, og seint gjekk det óg. Ikring 1520 tok dei så
til å byggja sagbruk ved bekkar og elvar. Dei første sagbruka
var oppgangssager, ei nemning som kom av at det lange sagbladet var vertikalt
innspent i ei ramme som bevege seg opp og ned - og drive av eit vasshjul.
Moderne oppgangssager i stål og med fleire blad vart kalla rammesag.
Då Kristian 2. styrde, men også seinare, tok
sagbruka seg veldig fram. Nederlendarane hadde bruk for ei mengd tømmer
og plankar til hus, skip og dike. Skottane kjøpte sin trelast frå
Vestlandet. Trelastskuter kom og gjekk. Norske sjømenn fekk hyre
på framande skip óg. Det vart liv og rørsle i landet
og trafikk frå og til Noreg.
Kongen støtta opp om kjøpmenn, handverkarar
og andre byborgarar; for når borgarane tente godt, kunne kongen få
større skattinnkomer av dei. Byborgarane fekk einerett til å
driva trelasthandel med utlandet.
Oppgangssaga var eit stort steg framover.
"All handel gjennom byane," sa Kristian 2. Men likevel
voks det opp ladstader attmed dei store elveosane: Halden, Moss, Bragernes
(Drammen), Larvik, Arendal, Odderøya og Mandal. Det vart uråd
å knekkja dei, endå byane klaga og folk i desse ladstadane
måtte taka borgarskap i næraste kjøpstaden og svara
skatt der.
Då Kristiansand vart grunnlagd i 1641, fanst det
ingen annan kjøpstad mellom Skien og Stavanger. I 1666 brann London.
Dit
selde vi ei mengd trevyrke då dei skulle byggja
opp att byen, og det vart sagt at "nordmennene vermde seg godt på
den
brannen".
Vass-saga hadde gjort skogane våre til ei rikdomskjelde.
Ikring året 1500 hadde Noreg 300 000 innbyggarar.
I 1665 hadde talet stige til 450 000. I desse tala reknar ein ikkje med
Herjedalen, Jemtland og Båhuslen, som vi miste. Den store auken i
folketalet syner best korleis næringslivet tok seg fram. |