Starten på norsk industri
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.12.2003
Den første statistikken over industrien i Norge
er frå 1829. Det året var det 4090 industrielle anlegg i landet,
men ein heil del av desse ville ikkje kallast det i våre dagar.
3400 var forholdsvis små sagbruk, dernest kom 172
brenneri, 163 teglverk, 81 stampemøller (til behandling av ulltøy),
80 tobakksfabrikkar, 42 kalkbrenneri, 37 reipslageri og 29 kornmøller.
Går ein vel hundre år fram i tida - til 1946,
er antal bedrifter 5532. Men statistikken tar berre med bedrifter som har
over 12000 timeverk i året. Visse grupper er heller ikkje med, slike
som glass-sliperi, sand- og grustak, meieri, ysteri o.l. Om alt vart rekna
med, ville nok talet av bedrifter vore mellom 30 000 og 40 000.
Dei første fabrikkar med preg av den første
industrielle revolusjon var bomullsspinneria i Halden og Drammen. Dei vart
starta i 1813 og 1818. Det var først i 1840-åra at tekstilindustrien
tok til å skyte vekst, samtidig som mange ullvarefabrikkar kom i
gang.
Dei første verkelege mekaniske verkstadane fekk
vi først i 1840-åra. Treforedlingsindustrien, tremasse-, cellulose-
og papirfabrikkar, kom i gang i 1870-åra - og den første margarinfabrikken
blei starta i 1876.
I 1880-åra kom så fiskehermetikkindustrien
til, og dei første sementfabrikkane starta opp i omkring 1890.
Ved århundreskiftet kom så endeleg den elektrokjemiske
storindustri. Norsk Hydro blei starta i 1905, aluminiumsindustrien i 1906
og den moderne nikkelproduksjon i 1912.
...............................................................................
Kjelde: Famileboka (1950) Industrien i Norge |