Industrien forandra verda
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.12.2003
I løpet av dei siste 150 åra har industri
og maskiner forandra verda. Kvardagen er heilt forskjellig frå det
den var, eller frå det den kunne vore om utviklinga hadde tatt eit
anna spor.
Industrien har gjort det fullstendig av med den gamle
naturalhusholdninga, lagt om handverket, i ulik grad også mange andre
næringsgreiner. Først og fremst handel og varebyte, men også
jordbruk og fiske.
Samtidig har industrien skapt mange nye næringsvegar,
og spelar i dag ein heilt dominerande rolle for vår livsførsel.
Industrien har gjort livets tempo uendeleg mykje raskare i alle land. Vi
kan berre minne om bilen, kinoen, kringkasting - og ein heilt nødvendig
tilgang på elektrisk kraft. Vidare dataalderen og den moderne presse
som er industriprodukt som forandrar vår kvardag i stadig raskare
tempo.
Industrien, i moderne betydning av ordet, har på
ein måte forårsaka det mest avgjerande brot mellom menneske
og naturen. På andre måtar har den ført menneska tilbake
til naturen - som tidlegare generasjonar ikkje kunne tenkje seg.
Den første industrielle revolusjon gjorde arbeidarar
til mekaniserte slavar av maskinene. Den andre revolusjonen gjekk i motsett
retning, med stadig auka krav til arbeidarane sine menneskelege eigenskapar,
karakter, intelligens, evne til samarbeid og faglege kvalifikasjonar. |