Verdas
første jernbane
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 11.06.2003
Verdas første verkelege jernbane, the Stockton
and Darlington Railway , vart opna i England 27. september 1825. Det var
den 40 km lange strekninga mellom gruvebyen Stockton og industribyen Darlington.
34 fullasta vogner, med ei samla vekt på 90 tonn,
tordna bortover skinnegangen med ein fart på opptil 24 km i timen,
trekt av George Stephensons dampvogn med det stolte namnet "Locomotion
No. 1.
Lokomotivet "Caroline", som vart bygd i England i 1862,
hadde eit vellukka "come-back" i 1954,
då jernbanene i Noreg feira sitt 100-års
jubileum.
Dei fleste beretningar om jernbana fortel at mange ryttarar
hadde møtt fram for å kappri med toget, men dei måtte
gi opp å halde følgje, trass i at dei slo over i galopp.
Så starta tida der dei fryktsomme- og bakstrevarane
starta sin kampanje mot dette nye, farlege fartsvidunder. Naturens fred
og ro ville bli borte, buskapen ville stryke med på grunn av den
giftige røyken, og avlingane bli øydelagde. Bayerns overmedisinalkollegium
advarte regjeringa mot alle planar om å byggje jernbaner, fordi "reise
med dampvogn kan framkalle hjernesykdommer hos de reisende likså
vel som hos tilskuerne; for å beskytte i ethvert fall disse siste
bør alle baner omgis med et høyt plankegjerde".
I Shildon er huset og verkstaden til Timothy Hackworth,
jernbana sin sjefsingeniør, bevart som eit jernbanemuseum frå
dronning Viktorias tid.
Tanken på å lette transporten ved hjelp av
planerte baner og spor er gammal. Egyptarane brukte jevne steinbaner fleire
tusen år før vår tidsrekning, og grekarane og romerane
utstyrte ofte sine baner av stein med innhogde spor for hjula. I malm-
og kolgruvene i Mellom-Europa vart det alt i mellomalderen nytta treskinner
og firehjulsvogner som vart trekt av hestar, og tidleg på 1800-talet
konstruerte Richard Trevithick ei dampvogn som vart prøvd på
ei gruvebane i Wales, men skinnegangen klarte ikkje påkjenningane
av den tunge maskina.
............................................................................
Litt.: G. Wallén : De första ånglokon
(1952) |