"Fjernvarme" med Golfstraumen
Tekst: Scandion
18.06.08
«Fjernvarme» transportert gjennom Golfstraumen
gjer at Nordvest-Europa får langt mildare vintrar enn breddegraden
skulle tilseie, og den har stor betydning for klimaet langs norskekysten.
Golfstraumen er ein mektig havstraum som kryssar det nordlege
Atlanterhav frå sørvest mot nordaust. Det har sitt utspring
i Den meksikanskje golf, og strøymer med stor fart ut gjennom Floridastredet,
føl austkysten av Nord-Amerika til Cape Hatteras, mot Newfoundland-bankane
og krysser derfrå Atlanterhavet.
Vest for dei britiske øyar deler Golfstraumen seg
i ei sydgåande grein, som bøyer av mot Kanariøyane,
og ei nordgåande grein, inn i Norskehavet mellom Skottland og Færøyane.
Størstedelen av denne greina føl norskekysten frå Stad
og nordover. Omtrent ved Nordkapp deler den seg i ei grein som går
nordover mot Svalbard, og ei som går mot Barentshavet.
Spanjolane blei klar over den sterke Floridastraumen alt
i 1513. Amerikanaren Benjamin Franklin laga det første kart over
straumen i 1770. Med systematiske temperaturmålingar frå fartøy
som kryssa Atlanterhavet kunne ein kartleggje Golfstraumen.
Golfstraumen er ein fortsettelse av Ekvatorialstraumen
som kjem austfrå inn i det Karibiske hav og Mexicogolfen. Når
vassmassane med temperatur på opptil 27 grader vert pressa gjennom
Floridastredet har straumen ein fart på opptil 2,5 m/sek, som tilsvarar
ein vassføring på over 20 gonger den samla vassføring
i alle elvane på jorda. Granskingar har vist at straumens oppbygging
er svært komplisert, med bl.a. oppbygging av hvirvlar. Temperatur
og saltinnhald kan variere sterkt frå år til år, og også
innanfor kortare tidsrom.
Ved Florida er Golfstraumen omlag 100 km brei. På
det djupaste når den 700-800 meter under havoverflata. Posisjonen
til Golfstraumen kan og skifte, og endringar på opptil 400 km er
registrert. |