Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kraftverk
 

    

    
Ulike typar kraftverk

I Noreg er over 99 prosent av all elektrisitet produsert ved vasskraft, men stadig nye vindkraftverk vert bygd ut. Nokre få gasskraftverk er i planleggingsfasen, og det vert drive utprøving av andre typar kraftverk. 

Vasskraftverk 
Vasskraftverk er eit kraftverk som produserer elektrisk energi ved hjelp av rennande vatn. Kraftverket hentar ut den potensielle energien i vatn som har fordampa frå havet og falle som nedbør i fjella. 

Høgdeforskjellen mellom vatnet før og etter turbinen gir eit energipotensiale. 

Nokre kraftverk har magasin for å lagre nedbøren og kan dermed produsere elektrisitet også når det ikkje regnar. Andre kraftverk har ikkje magasin og er avhengig av nedbør til ei kvar tid. 

Energien vert produsert ved at vatnet strøymer gjennom ein turbin. Til turbinen er det festa en aksling som går til ein generator som produserar straumen. 

Såkalla pumpekraftverk kan i periodar når det er overskotskraft på nettet, drive elektromotorar som pumpar vatnet tilbake i magasina. Slik kan ein sikre at det er høg nok vasstand til tider med stort elektrisitetsforbruk og lite nedbør. 

Tidevasskraft 
Tidevasskraft er ei form for kraftproduksjon der tidevatnet produserer energi ved å drive ein generator. Det er i hovudsak to metodar som er brukt for å utnytte denne energien. 

Den eine er at ein utnyttar vatnet si fallhøgde. Tidevatnet vert demma ute når det kjem inn mot land, og kan kontrollerast inn mot eit skovlehjul. Så vert det demma opp igjen når det skal ut, og kan kontrollerast mot det same skovlehjulet. 

Den andre måten er ei undersjøisk mølle som utnyttar straumen i vatnet. Ein kan samanlikne det med eit vindkraftverk som står under vatn. Møllene har påmontert ein eller to rotorar som er festa til ein aksling som driv ein generator. Fordelen med dette anlegget er at det er svært skånsomt for miljøet. Det er nesten ikkje synleg frå overflata. Eit slikt annlegg vil no bli prøvd ut i Kvalsundet i Tromsø, der det skal lagast eit tidevasskraftverk med fire store turbinar. Kjelde: no.wikipedia.org 

Saltkraft 
Saltkraft er kraft som vert utvinna når ferskvatn og saltvatn vert avskilt med ein membran. Då vil saltvatnet trekkje ferskvatn gjennom membranen og trykket på saltvassida auke. Trykket, saman med straumen av vatn, kan brukast til å drive ein turbin for å lage straum. Denne energien kan hentast ut utan andre konsekvensar enn at ferskvatn og saltvatn vert blanda på same måte som i utløpet av ei elv. Prinsippet bak saltkraft er osmose, eit fenomen som vert brukt i naturen av alle levande organismer. I saltkraft vert osmose brukt til å transportere ferskvatn gjennom ein membran og til saltvatn ved høgt trykk. 

Potensialet for denne energiforma er stort, og ved å byggje ut saltkraft kan Noreg auke sin elektrisitetsproduksjon frå fornybare energikilder. Saltkraftverk kan byggjast alle stader der ferskvatn møter saltvatn – for eksempel ved utløp frå eksisterande vasskraftverk eller ved utløpet av ei elv. Det er også muleg å byggje et saltkraftanlegg under bakken slik at det ikkje vil være synleg i naturen. Kjelde no.wikipwdia.org 

Gasskraftverk 
Gasskraftverk er eit kraftverk for produksjon av elektrisk kraft, som nyttar seg av gasskraft. Gassblandingar som til dømes naturgass vert nytta. Gassen vert i slike kraftverk nytta som eit drivstoff for ein gassturbin, som er kobla til ein elektrisk generator. 

Småkraftverk 
Småkraftverk er vasskraftverk med ein installert effekt på mellom 1 og 10 MW. Denne type kraftverk vert ofte bygd ut av private grunneigarar for produksjon til eige bruk og leveranse av eventuell overkskotskraft til eit kraftselskap. Kraftverk under 1 MW vert kalla minikraftverk eller mikrokraftverk. 

Minikraftverk 
Minikraftverk er vasskraftverk med ein installert effekt på mellom 100 og 1000 kW. 

Mikrokraftverk 
Mikrokraftverk er vasskraftverk med ein installert effekt på under 100 kW. 

Bølgjekraftverk 
Eit bølgjekraftverk er eit kraftverk som produserar elektrisk energi frå bølgjekraft (vanlegvis havbølgjer). Ein utnyttar ein mekanisk effekt frå havets overflatebølgjer samt omsetning av denne effekten til ein nyttig form, f.eks. elektrisk effekt via ein generator eller pumping av vatn opp i eit reservoar. Bølgjekraft kjem inn under fornybar energi, slik som vindkraft og vasskraft. Bølgjekraft må ikkje forvekslast med tidevasskraft og kraft frå undervasstraumar. 

Det har vore gjort diverse typar forsøk på effektiv utnytting av bølgjekraft, også i Norge, men foreløpig har ikkje desse forsøka ført til nokre permanente installasjonar. Kjelde: Nynorsk Wikipedia 

Atomkraftverk 
Atomkraftverk (eller kjernekraftverk) er eit termisk kraftverk. Varmekjelda er ein eller fleire atomreaktorar som produserer energi gjennom kjerneraksjonar. 

20. desember 1951 vart straum for første gang produsert av eit atomkraftverk, og tre år seinere vart det første offisielle atomkraftverket sett i drift i Obninsk, Russland. Det er mange forskjellige typar atomkraftverk, men alle brukar same kraftkilde; spalting av atomer. Kraftverka kan produsere alt fra 40 MWe til nesten 2 000 MWe. Nye bygg produserer vanlegvis ca. 900 MWe. 

Atomkraftverk er kontroversielle på grunn av problem med lagring av restavfall. I tillegg vil konsekvensane ved ei ulukke være store. Den mest kjente atomkraftulukka skjedde i 1986, då ein reaktor i Tsjernobyl i det tidlegere Sovjetunionen smelta ned. Kjelde: no.wikipedia.org 

Vindkraft 
I den seinare tid har vi i Noreg begynt å bruke vindmøller til produksjon av elektrisk kraft. Det er blitt utbygd ein del anlegg langs kysten, og fleire prosjekt er under planleggjing. 

Vindkraft er ein miljøvennlig måte å utvinne energi på, og eit alternativ til elektrisitet produsert ved hjelp av fossile brennstoff, som aukar drivhuseffekten. Vindkraft er foreløpig ei dyr energikilde, men er samfunnsøkonomisk lønsam under enkelte vilkår. Noreg har eit nasjonalt mål om å produsere 3 TWh innan 2010. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal