Krim-krigen
Tekst: Scandion
03.07.08
Krim-krigen 1853-56 var mellom Russland og Tyrkia, som
fekk hjelp av England, Frankrike og Sardinia. Krigen enda med Russisk nederlag
og freden vart underskriven ved ein kongress i Paris 1856.
Hovudkampane var på Krim, halvøya mellom
Svartehavet og Asovhavet, som er bunde saman med fastlandet ved ei smal
landtunge (6 km i nord).
Den sterke russiske festninga Sevastopel fall hausten
1855. Russland tapte herredømmet over Donaumunningen og retten til
å ha ein krigsflåte i Svartehavet. Slik greidde Frankrike og
England å halde Russland ute frå Middelhavet.
I fredsavtalen var det med bestemmelsar om at Dardanellene
og Bosporos i fredstid skulle være stengt for framande krigsskip.
Seglas på Donau skulle være fri og Svartehavet nøytralt.
Desutan vart ein samde om fire sjøvettreglar i krig:
1) Kaperi er avskaffa.
2) Nøytralt flagg vernar fientlege varer, unntatt
krigskontrabande.
3) Nøytralt gods, unntatt krigskontrabande, kan
ikkje takast, sjølv under fientlege flagg.
4) Berre effektiv blokade skal respekterast. |