Kyrkjer og kyrkjebyggjarar frå Nordhordland
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 07.05.2006
Denne nettutstillingen om kyrkjer og kyrkjebyggjarar frå
Nordhordland er del av ein utstillingsserie eg planlegg å gjennomføra
for på den måten å spreia meir kunnskap om kulturminna
våre og styrka den regionale identiteten til Nordhordlendingane.
Skogen og materialkunnskapen har kanskje vore den viktigaste
bærebjelken i den gamle Nordhordlands-kulturen, og husbyggjarar med
godt handalag og materialkunnskap vart ei etterspurd vare etter kvart som
folketalet auka og Bergen vaks fram og brann ned med jamne mellomrom. Skal
ein tru på det dei lærde skriv, og det kan no høva bra
i dette tilfellet, så har bygningsstrilen gjennom fleire hundre år
vore ei kjend merkevare. Petter Dass skriv om bygningsstrilane i eit av
dikta sine etter ein av bybrannane i Bergen. For å byggja byen oppatt
skriv han m.a. dette : ”Lad oss af Oster indkalde de Striler som ere vante
med øxer og biler…”
Mange har vel og høyrd variantar av hermet etter
strilen som hadde vore i Bergen og då han kom heimatt var spørsmålet
frå naboane: Sei meg, va da ei god svea i bydn? (Var det ein god
brann i Bergen, som kunne gjeva dei byggjeoppdrag)
Sidan mange av kyrkjene i Hordaland og Sogn og Fjordane
er bygd av Nordhordlendingar, må bygningsstrilen ha markert seg som
ein flink og attraktiv bygningsmann.
Som kjelde til denne lista over kyrkjebyggjarar frå
Nordhordland har eg brukt:
NM: Norske Minnesmerker, bind 1, 2 og 3 (Midthordland,
Sunnhordland, Nordhordland)
NK = Norsk Kirkeleksikon. Våre kirker. Alf Henry
Rasmussen.1993
JH: Diverse jubileumsbøker om kyrkjene i Nordhordland
skriven av Johan Litleskare
JE: Jubileumsbok for Evanger kyrkje.
PKSF : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bind 1
og 2
AS: Alf Strand, Masfjorden Kommune sine nettsider om
kyrkjene i Masfjorden
Eg har ikkje skaffa til vege mykje opplysningar om kyrkjebyggjarane,
men det får koma i etterkant etter kvart som tida skriv fram. Dersom
lesarane har opplysningar om andre kyrkjebyggjarar som ikkje er nemde her
eller har fleire opplysningar/ rettingar til dei som er med i utstillingen,
så tek eg gjerne imot det. Send ein e-post til arhoy@online.no
Gamle bilete er og av interesse, og vil også kunna
inngå i utstillingen.
Bileta som vert nytta i denne utstillingen har eg teke
sjølv dersom ikkje anna er nemd.
Kyrkjebyggjarane vert presenterte i alfabetisk rekkjefylgje.
JON JONSEN ALVÆR
Bø kyrkje (Radøy)
1868 (JL)
Hauge kyrkje i Lærdal, 1869. (PKSF)
Kyrkjebø, 1869 (PKSF)
Guddal, 1870. (PKSF)
Leikanger, 1872. (PKSF)
Stavang, 1873 (PKSF)
Hyllestad, 1880 (PKSF)
Fet kyrkje i Luster, 1894. (PKSF)
KARL ASKELAND, Radøy (1850 – 1911)
Hafslo, 1878 (PKSF)
Florø, 1882 (PKSF)
Sæbø kyrkje
(Radøy) 1884 (NM s. 169 bind 3)
Hålandsdalen, 1890 (NM s. 25 bind 1)
Manger kyrkje (Radøy)
1891 (NM s. 156 bind 3)
Onarheim (teikingar), 1893 (NM s. 271 bind 2)
OLE BYSHEIM
Skånevik, 1682 (NM s.109 bind 2)
Vikebygd, 1682 (NM s.143 bind 2)
Tysnes, 1685 (NM s. 246 bind 2)
Møster, 1686 (NM)
Sveio, 1688 (NM s. 2 bind 2)
Bremnes, 1689 (NM s. 51 bind 2)
FUSE FJELLSKÅL
Sund, 1673 (NM)
ERIK FYLLINGSNES
Skånevik, 1682 (NM s. 109 bind 2)
Tysnes, 1685 (NM s. 246 bind 2)
Møster, 1686 (NM)
MOGENS GJERVIK
Sund, 1673 (NM s.70 bind 1)
SJUR RASSMUSEN HOLE
Sandnes (Masfjorden) 1845 (AS)
A. B. ISDAL
Brekke kyrkje (Gulen) 1862 (PKSF)
JAKOB MOLVIK
Rekstern, 1936 (NM s. 255 bind 2)
JOHANNES RAKNES
Valestrand (Sveio) 1707 (NM s.15 bind 2)
SJUR RAKNES
Gimmestad kyrkje (Nordfjord)
1692 (PKSF)
Uggdal, (reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 258 bind
2)
MONS SKARE
Alversund kyrkje,
1879
Store Kalsøy, 1892 (NM s.71 bind 1)
Møgster, 1892 (NM s. 105 bind 1)
P. G. SPJOTØY
Hersvik (Solund) 1891 (PKSF)
Lygra kyrkje (Lindås)
1892 (Kjelde : Johan Litleskare)
Husøy (Ytre Sogn) 1896 (PKSF)
Ytre Arna, 1899 (N.M. s. 111 bind 1)
MIKJEL SVENHEIM
Haus, 1874 (NM s. 107 bind 3)
OLE SYSLAK
Evanger kyrkje, (Voss)
1851 (JE)
Eivindvik (Gulen) 1863 (PKSF)
Askvoll, 1863 (PKSF)
Lindås, 1865 (PKSF)
Fjell, 1874 (NM s.121 bind 1)
Solheim kyrkje (Masfjorden) 1882 (MK)
ASKILD TEPSTAD
Eid (Reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 207 bind 2)
Uggdal (Reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 258 bind
2)
STEFFEN TOFT
Hamre kyrkje (Osterøy)
1616 (JL)
Gjerstad, 1622 (JL)
JOHANNES ØVRE-MJELDE
Vikebygd, 1682 (NM s.143 bind 2)
JOHAN ØVSTHUS
Årland (Samnanger) 1851 (NM s. 61 bind 1)
Strandvik, 1857 (NM s. 32 bind 1)
Fusa, 1861 (NM s. 2 bind 1)
Stamnes kyrkje (Vaksdal)
1861 (JL)
Tjugum (Sogn) 1863 (PKSF)
Dale (Fjaler) 1864 (PKSF)
Lavik (Sogn) 1865 (PKSF)
Feios (Vik i Sogn) 1866 (PKSF)
Mo kyrkje (Modalen) 1883
(JL)
ASKILD ÅSE
Solund, 1860 (PKSF)
Vangsnes (Sogn) 1861 (PKSF)
Strusshamn, 1864 (NM s. 132 bind 1)
Meland kyrkje (Meland)
1866 (NM bind 3)
Øystese, 1868 (NM)
Tysnes, 1868 (NM s. 249 bind 2)
Haus, 1874 (NM s. 107 bind 3)
Laksevåg, 1874 (NM s. 64 bind 1)
Husnes, 1874 (NM s. 278 bind 2)
Fresvik (Sogn) 1881 (PKSF)
Kausland, 1881 (NM s. 77 bind 1) |