Vest-Norske steinkyrkjer frå mellomalderen
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 07.06.2006
Så langt ein i dag veit, vart det bygd 300 steinkyrkjer
i mellomalderen, d.v.s. i perioden 1030 – 1536, og det utgjorde då
om lag 1/5 av alle kyrkjene i landet. I Noreg var såleis dei aller
fleste kyrkjene på den tida stavkyrkjer.
Av dei tre hundre steinkyrkjene som vart bygd står
det framleis att 150 medan av stavkyrkjene står det berre att 28.
Ei av årsakene til dette er vel at tre rotnar fortare enn stein.
Grunnen til at det likevel vart bygd forholdsvis få steinkyrkjer
var at det var meir kostbart å byggja i stein enn i tre. Difor var
det mest kloster, kongar og andre rikfolk som bygde steinkyrkjene. |