Steinkyrkjene i Sogn
Forfatter: Terje Eggum
Publiseringsdato: 31.01.2003
I midtre og indre fjordbygder i Sogn står det att
ti kyrkjer frå mellomalderen. Dei er alle 700 år og eldre.
Fem av dei er stavkyrkjer, dei andre fem er bygde i stein. Ei sjette steinkyrkje
stod på Njøs i Leikanger, men denne er borte no, til liks
med kyrkja på Kvåle i Sogndal, som truleg også var i
stein.
Sogn er eit eventyr for dei som ynskjer ta del i mellomalderens
byggekunst. Her er rikt høve til å studera epokens meisterverk.
Den første steinkyrkja dukkar opp midt inne i fjorden.
På Kvamsøy i Balestrand står ei kvitkalka kyrkje frå
ca. år 1300.
Denne er yngst av dei fem gamle steinkyrkjene i Sogn.
Dei to eldste ligg på sørsida, i Vik og i Aurland, den fjerde
ligg ved Lustrafjorden og den femte står i Leikanger. Dei er alle
reiste innanfor eit tidsspenn på omlag 100 år, frå sist
på 1100-talet til omkring år 1300.
DALEKYRKJA. Steinkyrkja i Dale i Luster frå rundt
1250 er vide kjend for interiøret, dekoren på veggane og vestportalen
inn mot kyrkjeskipet. (Foto: Terje Eggum)
Dalekyrkja
Mellom Gaupne og Skjolden ligg den vesle tettstaden Dale.
Her står ei av dei rikast utstyrte mellomalderkyrkjene i landet.
Dalekyrkja er frå ca. år 1250 og har interiør
som ein må til dei store katedralane for å finna make til.
I alle hjørne av denne kyrkja, kring dører og glas, er klebersteinen
hoggen på meisterleg vis.
Konservator Olav Seter, som for 50 år sidan var
engasjert av riksantikvaren for å restaurera biletkunsten i Dale
kyrkje, seier det slik i Sigurd Fjøsne sin tekst frå 1954:
«Av alle kirker i landet er det bare Nidarosdomen som kan oppvise
portaler som er enda mer praktfulle.»
Han siktar til den mektige portalen i stein, den såkalla
vestportalen, som fører inn i kyrkjeskipet frå våpenhuset.
Men Dalekyrkja er også kjent for den rike veggdekoren.
Vel visste ein ved hundreårsskiftet at veggene i Dalekyrkja bar på
ein løyndom, men først i 1948 vart avdekkinga igangsett.
Den kvite kalken vart fjerna, og ei 200 - 300 år gamal biletrekkje
kom til syne. I neste omgang kom renessansedekoren fram (1500-talet) og
til sist dekoren frå mellomalderen (1300-talet). No blussar fargane
att i Dalekyrkja. Dei breier seg på veggflatene kring alteret og
baketter i koret. Bileta frå mellomalderen syner kjenslegt teikna
andlet og føter, og er måla på det opphavlege pusslaget.
Mang ein kyrkjeforskar har undra seg over at samtidas fremste uttrykk i
kleberstein og biletkunst utfalda seg i ei lita fjordbygd i Sogn.
Vangen kyrkje i Aurland, ei steinkyrkje frå første
delen av 1200-talet. (Foto: Terje Eggum )
Vangen kyrkje
Tårn på kyrkjer frå mellomalderen er
bygde til seinare. Men Vangen kyrkje i Aurland, ei steinkyrkje frå
første delen av
1200-talet, har sitt opphavlege ytre. Her er ingen kneisande
spir bygde på i ettertida, taket over skipet er reint og går
heilt fram til vestgavlen.
På denne kyrkja er linene vel ivaretekne, lengdeverknaden
intakt og forholdet mellom skipet og koret perfekt. Innvendig er kyrkja
16 meter frå golv til møne.
Kyrkja i Aurland er restaurert i fleire omgangar, sist
i 1926. Då handla det mest om å retta oppatt feila frå
den første. Gamal dekor vart vaska fram att og våpenhuset
fjerna, slik kom hovudinngangen i kleberstein betre fram. Mektige ætter
hadde tilhald i Aurland frå den første kristne tida og utetter.
Historikaren Anders Ohnstad utelukkar ikkje at denne steinkyrkja er reist
av ei stormannsætt som har hatt hovudsetet sitt her. Men den eldste
kyrkja stod på haugen bakom og er i dokumenta frå mellomalderen
nemnd som kyrkja på Rygg, ei trekyrkje som vart riven sist på
1500-talet.
Ser ein på kyrkja i landskapet er steinkyrkja på
Vangen kanskje den vakraste av dei alle. Gjennom snart 800 år har
dette meisterverket i sakral byggekunst vore tettstaden sitt andlet mot
fjorden.
LEIKANGER KYRKJE. I Leikanger står ei av dei fem
steinkyrkjene Sogn har att frå mellomalderen. Tårnet er bygd
til på 1600-talet.
(Foto: Terje Eggum)
Leikanger kyrkje
I Leikanger stod i mellomalderen to steinkyrkjer. I dag
står berre den eine att. Vurdert ut frå storleiken og plasseringa
har denne truleg vore ei viktig kyrkje i Midtre Sogn.
På same staden, kloss i notidas tinghuskompleks,
har truleg stått ei trekyrkje før kyrkja i mur vart reist.
Eit vakkert krusifiks. som no er ein del av samlingane ved Bergen Museum,
er 100 år eldre enn steinkyrkja. og kan stamma frå ei eldre
kyrkje på same staden.
Kyrkja i Leikanger er frå ca. år 1250. Tårnet
kom til i 1660-åra, korbygget vart bygd til i 1872, same året
som tårnet vart bygd om. I 1954 fekk tårnet attende form og
farge frå 1660, samstundes om det vart flytt frå våpenhuset
til vestgavlen.
Det har lukkast å ta vare på storparten av
renessanseinteriøret som altartavla frå 1606 med innskrift
på fem ulike språk, preikestolen og unike presteportrett signert
bergenskunstnaren Elias Figenschou. Nesten like kjent som kyrkja er prestegardshagen
i Leikanger.
I Leikanger stod også ei sjette steinkyrkje. Denne
låg på Njøs, like over Hermansverk. Ho gjekk tidleg
ut av bruk. Bispar på visitas rapporterte utetter 1800-talet om murane
som stod att. I prost Ivar Leganger sine skildringar frå l600-talet
heiter det:
«Her står endnu en forlatt, stor stenkirke,
og gården sies at have tilhørt en mæktig mand.»
I 1880-åra var Njøsakyrkja så godt som borte frå
jordas overflate, men konturane etter muren slår framleis gjennom
nypløygd jord.
Kyrkja på Kvåle i Sogndal skal også
ha vore av stein. Denne vart lagd ned i 1544 og er rapportert som ruinar
i 1626.
HOVE KYRKJE. Den vesle steinkyrkja på Hove i Vik
er eldst av dei fem mellomalderkyrkjene i stein. (Foto: Terje Eggum)
Hove kyrkje
Den vesle steinkyrkja på Hove i Vik er eldst av
dei fem mellomalderkyrkjene i stein. Dette er også den eldste bygningen
i Sogn. Kyrkja er bygd mot slutten av 1100-talet, då også mange
av steinkyrkjene i Bergen vart oppførde.
Hovekyrkja er eit meisterverk i murarkunst. Kleberblokkene
er perfekt skorne og tilpassa. Portalar, hjørne og innrammingar
er også i sirleg kleber. Men det er lite att av kyrkja sitt utstyr
frå mellomalderen.
Den etterreformatoriske altartavla, preikestolen og dei
rikt farga veggene er heller ikkje lenger ein del av Hovekyrkja. Alt vart
borte med arkitekt Blix si restaurering i 1880-åra som tok sikte
på å attreisa mellomalderen. Innsatsen enda opp med å
bli karakterisert som ei fattig erstatning for 1600- og 1700-åras
vakre innreiing.
Blix er likevel mannen som berga dei to gamle kyrkjene
i Vik. Ettertida kan takka han for at steinkyrkja på Hove og stavkyrkja
på Hopperstad framstår som noko av det kostelegaste me har
frå mellomalderen. I kyrkjesamlinga ved Bergen Museum er Hovemadonnaen,
ei forgylt statue frå steinkyrkja, eit av dei best kjende objekta.
Blix valde å reisa eit massivt tårn framfor kyrkja sin vestgavl.
Det er eit av dei svake punkta ved restaureringa, og det hadde truleg teke
seg betre ut om den framre hallen hadde slutta under takflata frå
skipet, slik dette har vore løyst andre stader på Vestlandet.
Ser ein bort frå tårnet er kyrkja på Hove ein av dei
vakraste steinbygningane i landet.
KVAMSØY KYRKJE. På den vesle Kvamsøya
i Balestrand står den mest anonyme av dei fem kyrkjene. (Foto: Terje
Eggum)
Kvamsøy kyrkje
På den vesle Kvamsøya i Balestrand står
den mest anonyme av dei fem kyrkjene. Kvifor reiste ein i mellomalderen
ei
steinkyrkje på nett denne staden? Truleg må
ein søkja forklaringa i den livlege ferdsla på Sognefjorden.
Sjøfolka har stige i land, lagt att ein skjerv til kyrkja og teke
gudsfreden med seg i byte. Kanskje har Kvamsøy-kyrkja hatt ein funksjon
som ikkje har vore ulik ei samtidig stavkyrkje, St. Tomaskyrkja på
Filefjell ? Kanskje har dei vore kyrkjer for ferdafolket ? På veggen
ved hovudportalen til kyrkja er det innfelt ei lita nisje i kleberstein,
som opphavleg har hatt eit lite gitter.
Kanskje har dei sjøfarande kunna forretta andakten
sin her, bede helgenen om bør og lagt inn ein mynt som takk for
overståtte strabasar ?
Kvamsøy kyrkje er reist kring år 1300. Her
er det lite som minner om det forfina handverket frå Dale og Hove.
Murverket er grovt og saknar finessane frå steinkyrkjene i Luster
og Vik. Det har heller aldri vore eit murt tårn på denne kyrkja.
Trespiret på mønekammen over vestgavlen er bygt på i
1700-åra. Kyrkja på Kvamsøy har vore avhengig av milde
gåver frå ferdafolket og er difor skjøtta i rykk og
napp. I dag ligg kyrkja godt skjult bak tett vegetasjon. Gamle frukttre
vaktar om dei kalka veggene og dei raude pannesteinane.
---------------------------------------------
FSF Fjord og kyst 1998 |