Vest-Norske tømmerkyrkjer frå 1600
talet
Hestad kapell
(Gaular)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.05.2006
Hestad kapell ligg ved Viksdalsvatnet i Gaular. Kyrkja
vart bygd i 1805 men har ein del til felles med dei Vest-Norske 1600- tals
kyrkjene. Noko av materialane i kyrkja skal skriva seg frå den gamle
stavkyrkja på staden. Hestad kapell er svært lite endra sidan
ho var ny. Foto: Arne Høyland.
Døra inntil koren er frå den gamle stavkyrkja.
Foto: Arne Høyland.
Fine jarnbeslag på den gamle stavkyrkjedøra.
Foto: Arne Høyland.
Innvendig er mest heile kyrkja trekvit, berre preikestolen
og altertavla er måla. Kyrkjebenkane står mot einan, rygg mot
rygg. Utskjeringane ved alterringen og korveggen har mykje til felles med
dekoren i dei gamle trekyrkjene på Færøyane. (”Kirkjurnar
i Føroyum” ved J.P.Gregoriussen 1995). Foto: Arne Høyland.
Koren med alteret, alterring og altertavle. Foto: Arne
Høyland.
Heilt bak i skipet på mannfolksida, står
ein spesiell benk med dør og ein stolvang frå mellomalderen
med ormedekor. Foto: Arne Høyland.
Stolvang med ormeornamentikk. Foto: Arne Høyland.