Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kyrkjer
 

    

 
Vest-Norske tømmerkyrkjer frå 1600 talet

Holdhus kyrkje
(Hålandsdalen)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.05.2006


Holdhus kyrkje. Kyrkja ber preg av å vera frå 1600-talet. Kjeldene ser ikkje ut til å vera heilt samstemte om kyrkja er eit nybygg frå 1725 eller om det er ei ombygging av den gamle stavkyrkja. Kyrkja fekk og ei ombygging i 1836. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Delar av kledningen kan skriva seg tilbake til stavkyrkja. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Bordkledningen er festa med trenaglar. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Kyrkjeskipet innvendig, sett mot koren. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Bak i kyrkjeskipet er det eit galleri. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Preikestolen skal vera frå 1570. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Holdhus kyrkje. Oppe i tårnkonstruksjonen står eit spesielt snedband (skråband) med dekor som truleg skriv seg frå stavkyrkja. Snedbandet minnar litt om nokre gamle snedband som er registrert i løer i Nordhordland der det eine skriv seg frå ein grindkonstruksjon i 1600-tals kyrkja på Mo, det andre frå 1600-tals kyrkja på Sæbø, og det tredje er registrert på Toska i Manger. Funnet av dette snedbandet i Holdhuskyrkja, peikar i retning av at grindkonstruksjonen kan ha vore nytta i den tidlegare stavkyrkja på Holdhus. Foto: Arne Høyland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal