Polarområda Arktis og Antarktis
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.11.2003
Det er svære vassmengder bunde opp i isen i polarområda.
Om all isen smelta ville alle verdas hamnebyar og store låglandsområder
komme under vatn.
Den varmemengda som jordoverflata får frå
sola, er minst ved polane. Betydelege varmemengder blir trasportert med
havstraumane og vindar frå tropane i retning polane, men ikkje nok
til å smelte dei enorme ismassane som har samla seg der. Om all isen
skulle smelte, vil det kunne forverre klimaet i Norden. Den skandinaviske
halvkula vil kanskje på nytt bli dekka av is, slik som i istida.
Nordpolen
Det nordlege polarområdet heiter frå gammalt
av Arktis. Nordpolen befinn seg i eit djuphav dekka av drivis. Havet er
begrensa av Sibir, Canada og ein krans av øyar. Dette randområdet
har ein særprega dyreverden. Moskusokse, rein, isbjørn og
polarrev streifar omkring. Sjøfugl hekkar i millionar, og havet
er fiskerikt. Verdas nordligaste folk, eskimoane, har i uminnelege tider
levd av jakt og fiske.
Nordpolen vart første gong nådd av Peary
6/4 - 1909. Amundsen og Byrd, passerte første gong med fly over
Nordpolen i 1926.
Sydpolen
Det sydlege polarområdet heiter Antarktis, og er
ein veldig, isdekka landmasse. Eit kontinent dekka av innlandsis og omkransa
av eit hav med drivis frå den kalvande iskanten. Det harde klimaet
gjer at dyreverden er fattig - dei viktigaste dyra er pingvinar, kvalar
og sel. Ingen menneske lever her, bortsett frå forskarar.
Sydpolen vart første gong nådd av Roald Amundsen
14/12 - 1911. |