Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Landbruk
 

   

    
Odelsrett og Åsetesrett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.09.2006
   
Odelsrett er eit svært gamalt, særnorsk rettsinstitutt med lang tradisjon i Noreg. I skaldekvad frå vikingtida er denne retten nemnt. Eigedom som det kviler odel på, blir kalla odelsjord. 

Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når anten jordbruksarealet er minst 20 dekar, eller det høyrer til så mykje anna areal, rettar og lunnende at den produksjonsmessige verdi tilsvarar minst 20 dekar jordbruksareal. 

Ein eigedom der jordbruksarealet er under 5 dekar er likevel aldri odlingsjord. Det same gjeld ein rein skogeigedom der det produktive arealet er under 100 dekar. 

Odelsretten er ein rett til å løyse inn ein landbrukseigedom når den er gått ut av odelsslekta eller til nokon med dårlegare odelsrett. Odelsrett tilkjem etterkommarane til den personen som har hevda odel. Odelshevd er fullførd når eigedomen har vore i familien i 20 år. Løysingsfristen er eitt år. Den som løyser ein eigedom på odel må betale odelstakst til motparten og dekke kostnaden med takseringa. 

Dersom den som har best odelsrett er barn av eigaren, har han også åsetesrett. 

Åsetesrett er retten som den nærast ætta person til eigaren i rett nedadstigende line (barn, barnebarn) har til å overta ein gard på landet på spesielt gunstige vilkår. Han må samtidig være odelsberettiga til eigedommen. 

Åsetesretten skal medvirke til at etterkommande generasjonar skal kunne overta gardsbruk til ein pris som gjer det muleg å drive garden økonomisk. Medan ein odelstakst på ein eiendom skal atterspegle omsetningsverdien på eigedommen ved fritt sal, skal ein åsetestakst ta hensyn til at eigedommen skal drivas rekningssvarande og berre som eit gardsbruk. 

Kjelde: 
Nynorsk Wikipedia 
Lov om odelsretten og åsetesretten 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal