Ferguson
TE20 - Gråtass
Tekst og foto: wikipedia
Publiseringsdato: 19.05.2006
TE20, også kalla Gråtass, er ein traktor frå
britiske Ferguson som kom på marknaden like etter andre verdskrig.
Det var Henry Ferguson som skapte TE20, som hadde 20 hestekrefter.
Det som var revolusjonerande var Ferguson-systemet eller
trepunktssystemet. Dette gjorde at reidskap kunne lyftast opp og ned ved
hjelp av hydraulikk. Dei eldre traktorane var som hesten, dei fungerte
berre som drivkraft, og utstyr måte setjast på og dragast i
same høgde under heile arbeidsoperasjonen. Dette vart det slutt
på med trepunktssystemet.
Gråtassen vart ein slags folketraktor over heile
verda. Den var enkel og billeg i drift, den effektiviserte landbruket og
den var liten og trengte ikkje mykje plass. Totalt vart det laga over 500
000 stykker.
Dei første traktorane kom i 1948, desse hadde bensinmotorar
og 6 volts elektrisk anlegg. Etter kvart kom dieselmotorane og 12 V. Produksjonen
stansa i slutten av 1950-åra då nyare modellar tok over.
Desse gamle traktorane hadde også ulemper, kanskje
den største og mest farlege var at dei velta veldig lett.
Mange skada seg på dette, spesielt i Noreg der det
er mange bakkar og skråningar.
Fordsons Dextra og Major vart konkurrentar til Gråtassen.
I nyare tid har Fantasifabrikken A/S blåst liv i
den gamle slitaren igjennom barne-TV, filmar og anna.
Modellar og produksjonsår.
TE-20 Continental Z-120 bensinmotor (1946-1948)
TEA-20 Standard Motor Company bensinmotor (1947-1956)
TEB-20 Continental Z-120 bensinmotor, smal sporvidde
(1946-1948)
TEC-20 Standard bensin, smal (1948-1956)
TED-20 parafinmotor (1949-1956)
TEE-20 parafinmotor, smal (1949-1956)
TEF-20 diesel (1951-1956)
TEH-20 parafinmotor (1950-1956)
TEJ-20 parafinmotor, smal (1950-1956)
TEK-20 bensinmotor, for vingårder (1952-1956)
TEL-20 parafinmotor, for vingårder (1952-1956)
TEM-20 parafinmotor, for vingårder (1952-1956)
TEP-20 bensinmotor, industritraktor (1952-1956)
TER-20 parafinmotor, industritraktor (1952-1956)
TES-20 parafinmotor, industritraktor (1952-1956)
TET-20 dieselmotor, industritraktor (1952-1956)
Massey Ferguson (MF) er eit kanadisk selskap som produserer
traktorar, skurtreskarar, traktorgravarar og andre landbruksreidskap.
Massey Ferguson var tidlegere to ulike traktormerker.
Massey Harris var eit kanadisk merke som slo seg saman med Ferguson frå
Irland i 1953. Massey Ferguson inngår i dag i Agco-konsernet.
Artikkelen er henta frå wikipedia.org
- det frie oppslagsverket. |