Landbruk i utvikling
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 16.08.2005
Svartedauden i 1349-50 sette landbruket sterkt attende og
mange gardsbruk vart lagd øyde. Det skulle gå omlag 300 år
før landbruket igjen var i utvikling.
"Rydningsreformen" av 1632 gjorde sitt til at det vart
meir fart på landbruket. Etter kvart vart bearbeiding av jorda betre
takka være nye oppfinningar av reidskaper. Den Lom´ske radsåmaskin
vart konstruert i 1778.
Av kornsortar vart havre vanlig over det meste av landet,
men fjellbygdene og dei nordlege landsdelar dyrka mest bygg.
Kveite, rug og erter vart dyrka ein del over Austlandet,
der nepedyrking var alminneleg kjent. Poteta kom til landet omkring 1750,
og fekk stor betydning for landbruket.
Frå midten av av det 18. århundre vart det
frå staten si side gjort mykje for eit betre landbruk. Særleg
flatbygdene på Austlandet får ei rask utviding av åkerarialet.
Heilt nye grender og bygdelag oppsto, bl.a. Målselv og Bardu.
Utviklinga av husmannsvesenet var eit av dei store framstega
i denne tida. I 1825 var antall husmenn 48 706, og talet på husdyr
var slik;
Hestar : 113 163
Storfe : 644 414
Sauer : 1 213 463
Grisar : 74 900
Ei ku mjølka omlag 700-900 liter for året.
Frå 1850 gjorde mange nye synsmåtar seg gjeldande
som førte til store framsteg i landbruket. Det vart oppretta mange
landbruksskular og forsøkstasjonar som saman med reisande landbruksfunksjonærar
fekk stor betydning for landbruket si vidare utvikling. I 1897 fekk vi
dessutan Norges landbrukshøgskule i Ås.
Jordbruksarialet i 1939 var på 11,16 mill. dekar
fordelt på 328 181 gardsbruk.
Dei fleste av gardsbruka var på under 50 dekar
- 45 013 mellom 50 og 100 dekar
- 18782 mellom 100 og 200 dekar
- 5432 mellom 200 og 500 dekar
- 351 mellom 500 og 100 dekar
- og berre 41 gardsbruk var på over 1000 dekar.
Tal på husdyr i 1939 var;
Hestar : 206 041
Storfe : 1 459 658
Sauer : 1 745 731
Geiter : 249 158
Grisar : 366 136
Kaninar : 100 096
Fjørfe : 3 473 987
Bikuber : 39 803
Pelsdyr : 555 491
Rein : 129 876
Tal på frukt- og bærbuskar :
Eple : 1 882 661
Pære : 402 486
Plomme : 939 106
Kirsebær og moreller : 543 854
Rips : 1 890 151
Stikkelsbær : 1 221 928
Solbær : 1 317 159
-----------------------
Kjelde : Fakta (1948) |