Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Merkedagar
 

 

 
17. mai
Tekst: Scandion
18.06.08

Noregs grunnlov er frå 17. mai 1814. Noregs nasjonaldag er heilt spesiell. Det finst ingen feiringar lik denne i verda. Korleis dagen skal feirast i vår tid, vert for ein stor del bestemt av dei lokalt oppnevnte 17.mai-komiteane. Feiringa føl eit tradisjonelt mønster med vekt på at det er barna sin dag.


Barnetoget er ei unik form for feiring av ei nasjons fridomsdag, og har vore ein del av 17.maifeiringa sidan Bjørnstjerne Bjørnson innførte det då han var formann i festkomiteen i 1870.

Til å begynne med var det berre snakk om eit gutetog, men frå 1889 vart også jentene med. Barnetoget, anført av musikk-korps, er det mest markerte innslaget i 17.maifeiringa og det vi finn igjen over heile landet, og i utlandet der 17.mai vert feira.

I dag kler folk seg i vårens festklær, eller i bunad. Vi lagar leikar for borna og festmiddagar for vaksne… Den norske nasjonaldagen er unik og det er ein spesiell oppleving - også for dei som ikkje har opplevd den tidligare.

17. mai-feiringa har sitt særpreg i kvar bygd og by over heile landet. Vil ein oppleve noko anna enn det velkjente og TV-overførte hovudstadsarrangementet er det eit godt alternativ her vest. I Bergen har ein sine egne tradisjonar og her er "Nystemten" nesten like heilag som "Ja vi elsker". Fleire tog er verdt å få med seg i Hansastaden. Frå tidlege morgontog til seine festligheiter med paradevogner og ablegøyer. Alltid med ein passande dose buekorps som dundrar gjennom gatene med leiketøysgevær og skarptrommer. Og alltid med ei verdig avslutning med kjempefyrverkeri frå sentrum av byen.

Ellers i landet er det på tusener av store og små arrangement å sjå og delta i. Aller mest spesiell for den som har litt kondis, er 17. mai feiringa på Hardangerjøkulen. Her kan du gå i tog - på ski - 1800 meter over havet. Utgangspunktet er Finse, der 3-4.000 mennesker samlast kvart år for å gå i tog til toppen av Hardangerjøkulen.

UTANFOR GRENSENE
17. mai feiringa har også sett sine spor utanfor kongeriket, og er naturleg nok ein av dei store samlingsdagar for nordmenn i utlandet. Overalt der det er store og små norske "samfunn" er det også ei 17. mai feiring. Ofte vert det feira i tilknytning til sjømannskyrkjene.

USA
Over dammen er det også aktiv feiring av den norske nasjonaldagen. Feiringane her er nok mange stader vel så myke prega av generasjonar med utvandra nordmenns behov for litt sentimentale tilbakeblikk, som sjølve feiringa av nasjonaldagen. Her er ingrediensane lapskaus og lutafisk, kaffe og øl, troll og vikingskip. I Washington vert to tur-returbilletter til Oslo lodda ut for dei som har ekstra lyst til å ta eit sentimentalt besøk i gamlelandet. Av dei mest kjente markeringane i USA er utandørsfeiringa i Brooklyn, New York. Men også i tradisjonelt viktige områder for utvandra nordmenn, Midtvesten, er det mengder av arrangement og markeringar.

Sentralt i feiringa mange stader er foreninga "Sons of Norway". Mange stader deltek også norske studentar aktivt i feiringa gjennom sine studentforeninger.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal