Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Merkedagar
 

  

 
FARSDAG
Tekst: Scandion
18.06.08

Fars Dag - er ei amerikansk «oppfinning» som først slo gjennom i Norden, og i Noreg etter 2.verdskrig.

Farsdag er ein merkedag som vi feirar andre søndag i november. På samme måte som morsdag er den oppfunnen av ein enkeltperson. Opphavskvinna var Mrs. Sonora Louise Dodd.

Far hennar, William J. Smart, var veteran i den amerikanske borgarkrigen. Han var også bonde. Saman med kone og 6 born i alderen 3 - 16 år dreiv han ein liten farm i staten Washington.

Då kona døydde gjorde William sitt beste for borna under oppveksten.

Som vaksen fekk Sonora ein dag høyre ei preik om morsdag i kyrkja. Det gav ho ideen til ein farsdag.

William, far til Sonora, var født i Juni, og derfor valde ho denne månaden for ei feiring.
Den første farsdagen fann stad den 19. juni 1910 i Spokane, Washington.
I 1926 vart det danna ein nasjonal farsdags-komite i New York.
Kongressen godkjende dagen i 1956, og i 1972 skreiv Richard Nixon under erklæringa, som gjorde den 3. søndag i juni til farsdag - og offisiell heilagdag.

Farsdag vart innført i Norden i 1930-åra, i Sverige 1931 og i Danmark 1935.
I Sverige valgte ein 3. søndag i juni, men i Danmark vart dagen feira samtidig med Grundlovsdagen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal