Jettegryter
Forfatter: Scandion
01.07.08
Eit særmerkt fenomen vi kan støyte på
i naturen er jettegryter - hol som har form som gryter rett ned i fjellet.
Ikkje rart at dei i folkefantasien er kokekar for overmenneskelege vesen.
Jettegryter er runde eller lange fordjupingar i fast fjell
og vi finn dei helst i stryk og fossar, eller under uttørka fossar.
Når dei ligg oppe på runde fjellet, må dei være
danna i istida av fossar som har kasta seg ned gjennom isen og sett steinar
i hvirvlande rørsle. Saman med vatnet har steinane svarva eller
hola ut fordjupingane.
Jettegryter finn ein i alle storleikar frå ganske
små til store - som er fleire meter i diameter og 10-20 meter djupe.
Innvendig har jettegrytene ofte riller i skrueform, og i botnen kan ein
finne trill runde steinar.
Nord-Europas største jettegryter, som har fått
namnet "Helvete", finn ein i Espedalen i Gausdal, nordvest for Lillehammer.
Den største gryta er 40 meter høg og 20 meter i diameter. |