Den første blodtrykksmålinga
Forfattar: Scandion
05.06.08
Den engelske presten Stephen Hales måtte opp på
ein skammel for å måle hesten sitt blodtrykk i eit glasrøyr.
Dette forsøket for 250 år sidan er grunnlaget for all blodtrykksmåling
i dag.
Utstyrt med eit langt glassrøyr, ein messingkanyle
og luftrøyret frå ei gås gjorde den engelske presten
Stephen Hales verdas første blodtrykksforsøk for 250 år
sidan. Oppdagelsen er blitt brukt som den lettaste og mest verdifulle undersøkinga
ein lege i dag kan gjere. Prinsippet er framleis det same, sjølv
om ein heilt ny teknikk har gjort målingane endå betre.
Hales var svært natur- og dyreinteressert, og saman
med drengen på prestegarden gjorde han forsøket på ein
gammal hest som skulle avlivast. Kanylen vart ført inn i eit stort
blodkar - ein arterie - som førte blodet frå hjerta opp i
hjernen, og blodet steig raskt opp i det høge røyret. Presten
og drenge kunne sjå korleis blodsøyla steig og sank. Den største
høgda kom då hjertet trekte seg saman, og den lågaste
kom då hjertet kvilte.
Hales og drengen hadde målt blodtrykket for første
gong i verdshistoria, og målinga synte at vi har to blodtrykk.
Maksimaltrykket som er kalla det systoliske, og det lågaste
trykket som er kalla det diastoliske.
I dag vert blodtrykket målt ved hjelp av ein mansjett,
kalla indirekte blodtrykksmåling. Denne måten å måle
blodtrykket på vart oppfunnen av Riva-Rocci i 1896, og den er nøyaktig
den same i dag. |