Gallup (04.06.08)
Forfatter: Scandion
Gallup vert brukt som nemning for undersøking av
folkeopinionen etter eit system som vart utarbeida i 1933 av amerikanaren
George H. Gallup (1902-84). Framgangsmåten er at det vert stilt ei
rekkje spørsmål etter eit bestemt skjema.
Med bakgrunn i eit studium av befolkningsstatistikken
vert det plukka ut eit tal personar som representerer ulike samfunnslag
og grupper. Desse får stilt dei same spørsmåla - og
svara gir ein god peikepinn på folkemeininga.
Metoden slo i gjennom i 1936, då Gallup temmeleg
nøyaktig kunne spå utfallet av det amerikanske presidentvalet.
Prestisjen til det amerikanske Gallup-instituttet fekk derimot ein knekk,
då det spådde heilt gale i 1948 ved Trumans attval som president.
Instituttet tok etter det opp sine metodar til ny prøving.
Gallup-metoden vert også brukt til marknadsanalyser,
slik at veksemder f.eks. kan få undersøkt behovet for varene
dei produserer. Gallup-metoden vert brukt i ei rekkje land til ulike føremål.
I Noreg brukar ein som kjent metoden før stortingsval. |