Den viktige gnisten
Forfattar: Scandion
(05.06.08)
Det
er få komponentar i bilen som ein tar som sjølvsagt i same
grad som tennpluggen. Likevel må den utføre eit ytterst nøyaktig
arbeid under dei mest ekstreme forhold.
Oppgåva til tennpluggen er å leie tenningsspenninga
rett inn i motoren og gi dei viktige gnistane som er nødvendige
for å antenne drivstoff / luftblandinga.
Tennpluggen blei oppfunnen i 1885 av Etienne Lanoir, og
den var temmeleg lik den vi brukar i dag. Allereie i 1777 hadde italienaren
Volta kome med idéen om å antenne gass ved hjelp av ein gnist,
og det same foreslo Isaac de Rivaz for ein eksplosjonsmotor som han laga
utkast til i 1807.
Tennpluggen virkar svært enkel i konstruksjon, og
er heller ikkje særlig vidareutvikla sidan den vart oppfunnen for
snart 120 år sidan. Likevel har den ei vanskeleg oppgåve å
utføre. Ein av påkjenningane tennpluggen skal tåle,
er dei enorme
temperatursvingningane. Ein kald vinterdag kan tennpluggen
sin temperatur være under 30 minusgrader når motoren er kald.
Når motoren blir varma opp, kan temperaturen inne i forbrenningskammeret
stige til over 2500 grader. I denne temperaturen må tennpluggen gi
gnist kanskje 50 gonger i sekundet.
Det er difor lett å forstå at tennpluggar
blir konstruert med den største omtanke. |