Menneska og maskinene
(05.06.08
Forfattar: Scandion
Opp gjennom århundra har menneska konstruert maskiner
som letta arbeidet. Dampmaskina har, meir enn nokon anna maskin, æra
for menneska sine matrielle framsteg.
Før maskinene si tid måtte menneska gjere
alt arbeid med muskelkraft - enten med sine eigne, eller ved hjelp av dyra.
For to tusen år sidan var det 350 millionar menneske
på jorda. I 1750 hadde det auka til 500 millionar. Då begynte
maskinalderen, og folketalet auka fortare enn nokon gong. Fleire oppfinningar
gjorde livet lettare for menneska, fleire barn levde opp, og fleire levde
lenger.
Det første store framsteg i utviklinga var dampmaskina,
så kom damplokomotivet - og sidan kom forbrenningsmotoren som gjorde
både bil og fly muleg.
Dampmaskina, som blei oppfunnen i slutten av det syttende
århundre, hadde ei voldsom virkning på samfunnet. Dei første
dampmaskiner blei oppfunne for å drive pumper som skulle halde vatnet
vekke frå gruveganger.
Etterkvart som gruvene blei djupare, kom det meir vatn
inn i gruvegangane, og dette gjorde arbeidet både vanskeleg og farlig.
I 1698 tok ein engelskmann som heitte Thomas Savery patent
på den første dampdrevne pumpa, som han kalla "The Miner's
Friend" (gruvearbeidarens venn). Denne pumpa kunne brukast så lenge
ein ikkje trong lyfte vatnet svært høgt, men i djupe gruver
gjorde den lita nytte.
I 1712 oppfann ein annan engelskmann, Thomas Newcomen,
sin "Atmospheric Pumping Engine" (Atmosfærisk pumpemotor), ei maskin
som berre utnytta ein del av Saverys oppfinning. Denne motoren løyste
mange problem, men var tungvint og kostbar i drift.
Omkring 60 år seinare laga James Watt ei mykje meir
effektiv maskin og i 1782 tok han patent på ei dobbeltvirkande dampmaskin.
Då den engelske ingeniøren Richard Trevithick
hadde konstruert ein ny dampkjele som produserte damp med høgare
trykk, kunne dampmaskina både lagast mindre og arbeide fortare. I
1803 plasserte Trevichick ei dampmaskin i ei vogn og køyrte 145
km på landevegen.
Omtrent samtidig var det andre ingeniørar som bygde
dampmaskiner som dei ville bruke på jernbanespora ved gruvene. Det
var George Stephenson og sonen Robert som til slutt klarte å lage
eit så godt lokomotiv at ein kunne sei at jernbana sine dagar var
komne. Les artikkelen Verdas første jernbane
Dampmaskina dreiv fabrikkar som grodde opp på 1800-talet.
Snart etter dreiv dampmaskina både skip og tog. Folk kunne reise
til lands og til vanns - og frakte gods der dei ville.
Jernbana virka sterkast i dei store landa
I 1789 var det berre fem byar av nokon særleg betydning
i Dei Forente Stater: Philadelphia, New York, Boston, Charleston og Baltimore
- som alle ligg nær sjøen.
I 1850 var befolkninga i Statane auka frå 4 millionar
til 23 millionar. I 1869 blei den første jernbana tvers over kontinentet
ferdig, og innan 40 år var Dei Forente Stater dekka av eit jernbanenett
som frakta ein milliard tonn gods om året.
Mange britiske selskap var med på bygginga av dei
første jernbaner rundt om i verda. Den første jernbanestrekninga
i Noreg blei opna i 1854. Det var den 69 km lange Hovedbanen mellom Oslo
og Eidsvoll. Bygginga av denne jernbanelinja starta i 1851 under leiing
av Robert Stephenson. |