Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Oppfinningar
 

   

 
Alfred Nobel (04.06.08
Forfattar: Scandion

Alfred Nobel (1833-1896) har gjort namnet sitt udødeleg gjennom Nobel-stiftinga som han grunnla ved ein stor donasjon. Han var Sveriges og ein av verdas mest kjente sprengstoff-kjemikarar, og hadde eit oppfinnartalent som var svært rikt.

I 1866 oppfann han dynamitten, i 1875 spreng-gelatinen og i 1887 ballislitten.

Nobel sat med ei endelaus rekkje patentar verda over - berre i England hadde han 120. Etter kvart la han seg opp ein svært stor formue.

Det vert sagt at Alfred Nobel i sine siste leveår var svært nedtrykt og bekymra over den destruktive rolle mange av oppfinningane hadde spelt, bl.a. i krigar, og at han derfor bestemte seg for å oppmuntre dei konstruktive kreftene i verda. I sitt testamente sette han av store pengesummar til årlege æresprisar for personar eller institusjonar som har gjort menneska stor nytte innan kjemi, fysikk, medisin, litteratur og fredsarbeid.

Æresprisane vert delt ut på årsdagen for Nobels død, 10. desember. Fredsprisen vert delt ut i Noreg, dei andre i Sverige.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal