Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Oppfinningar
 

   

 
Heile verda inn i stova
Forfatter: Scandion

Atten år etter at Guglielmo Marconi i 1901 hadde sendt sitt første, berømte radiosignal over Atlanterhavet, var utviklinga nådd så langt at ein kunne overføre tale og musikk frå ein stad til ein annan ved hjelp av radiobølgjer.

I 1919 vart det ved Wisconsin-universitetet i Sambandsstatane bygd ein "broadcasting"-stasjon slik at folk utanfor universitetet kunne følgje med i forelesningane.

England fekk sin første stasjon i 1922. Året etter tok ein til med eksperiment i Noreg, men det var først i 1925 at regelmessige sendingar kom i stand, frå ein stasjon som vart sett opp i Telegrafbygningen i Oslo. Omtrent på den tid vart det engelske ordet "broadcasting" oversett til "kringkasting" på norsk.

Den nye kommunikasjonsmiddelet sette fantasien i sving. No kunne alle menneske få høyre dei lærde og mest berømte vitskapsmenn, kunstnarar, lærarar, og det ville verte sjanse til opplysning for alle.

I 1909 fekk Guglielmo Marconi Nobelprisen i fysikk.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal