Lupiner
Forfattar: Scandion
17.06.08
Lupiner (Lupinus Polyphullus) er i slekt med erteblomstfamilien,
og ein finn den i mange ulike blomsterfargar, blant anna kvit, blå,
rosa, raud og lilla. Dei er viltveksande i Europa og Nord-Amerika og er
innført til Noreg som hageplante.
Lupiner. Foto: Scandion.
Av lupiner finnst det omlag 200 arter der dei fleste er
eitt - eller toårige urter. I tillegg er det mange hybrider og sortar.
Blomstrane sit tett på toppen av stengelen. I Noreg
er hagelupin og sandlupin viltveksande.
Lupiner utvinn sitt eige nitrogen frå lufta, og
trivst difor godt på næringsfattige vegkantar der også
norske slåtte- og kulturplantar naturleg har sitt tilhald. Lupiner
spreiar seg enormt - og mange plasser fungerer dei som pynt langs vegen
og truar sjeldne arter.
Lupiner. Foto: Scandion.
|