Revebjelle
Forfatter: Scandion
17.06.08
Revebjelle, Digitalis purpurea, er ein 50 - 150 cm høg
toårig art av kjempefamilien - tidlegare maskeblomstfamilien. Den
veks vilt i kyststrøk på Sørlandet, Vestlandet og til
Nord-Trøndelag og trivs i oreskogar, ur, vegkantar og på beitemark.
Revebjeller har vore - og er ein viktige medisinplante.
Revebjelle. Foto: Scandion.
Blomstrane har form som fingerbøl, noke som har
gitt planten det svenske navnet «fingerborgsblomma». Andre
namn er : Revabjølla, røvehanske, røveleike, fingergull,
fingerbjørg, fingerbjølle, bjølleblom.
Kjenneteikn:
Grov, oftast 2-årig urt med bladrosett første
året og 50 - 150 cm høg stengel neste år med purpur-raude,
klokkeforma blomster i ein lang, einsidig hengande klase ( juli - august)
Giftig plantedel:
Revebjelle er ein gammal medisinplante der blada vert
samla inn for produksjon av hjertemedisin. Grøne plantedelar og
frø er giftige - og særleg blada, som har ein lei skarp og
bitter smak.
Fleire andre arter av revebjelle vert dyrka som prydplantar,
bl.a. gul revebjelle, Digitales lutea, med lysegule blomster, og prydrevebjelle,
Digitales lanata, med kvite eller gulkvite blomster med brune eller fiolette
årar.
Revebjelle. Foto: Scandion.
Revebjelle. Foto: Scandion.
|