Glanstida for seglskutene
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.12.2004
Makta og velstanden vår har i alle år gått
opp og ned med skipsfarten. I dei fyrste tunge åra etter 1814 låg
skipsfarten nede. Engelskmennene tok svært stor toll av trelasta
vår.
England hadde og ei lov som sa at utanlandske skip berre
måtte koma med varer frå sitt eige land. Denne lova kalla dei
"navigasjonsakta". Ho vart avvikla i 1849.
Tollen på trelast frå Noreg vart óg
sett ned, og skipsfarten vår tok seg svært opp. Nybygginga
gjekk veldig fram på Agderkysten. I åra 1850 til 1880 voks
flåten frå 300 000 til 1 500 000 tonn . Dette var glanstida
for seglskutene. Berre England og U.S.A. hadde større flåte
enn Noreg. Arendal var på den tida den største skipsfartsbyen
vår.
|