Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Seglskip
 

   

   
THE TALL SHIPS´ RACE 2004
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.08.2004

Aalborg i Danmark kunne by på ein eineståande og svært spektakulær flåte av stolte seglskip frå nær og fjern, då Tall Ships´Race 2004 besøkte byen 29.7 - 02.08. 

Scandion tok turen til Aalborg for å oppleve over 80 stolte og vakre seglskuter på nært hald. 

Blandt dei skip som besøkte Aalborg, var nokre av dei mest imponerande i heile verda. Også nokre av verdas eldste skip er med, - skip som har sett verda forandre seg opp gjennom åra. 


"Statsraad Lehmkuhl". Foto Scandion. 

Sedov, verdas største seglskip, var enorm både utvendig og innvendig. Ombord i skipet fant vi fort fram til museet med utstilling av pokaler, utmerkingar og historiske informasjon. 

Statsraad Lehmkuhl opplevde vi som det desidert flottaste og best vedlikehalde seglskipet. 

Christian Radich ruva også godt på hamna, og gjorde seg spesielt bemerka med eige kor som framførte sjømannsviser til 
akkompangement av fleire trekkspelarar. 


"Christian Radich". Foto Scandion. 

Økonomien til dei norske seglskipa såg ut til å være god. Av dei største skipa var desse dei einaste som ikkje tok betaling for eit besøk ombord. Vanlig pris for eit besøk ombord på dei andre skipa var 20 kroner (svenske). 
For fem år sidan var Aalborg slutthamn for seglasen. Den gong samla seglskutene omkring 700 000 besøkande. 

Seglskipa låg ved kai på begge sider av Limfjorden, og ein endelaus straum av folk kryssa Limfjordbrua frå tidleg morgon til seine kvelden - til og frå dei mange seglskipa. 

I strålande solskinn kunne små og store kose seg heile dagane på hamna. Utallige underhaldningstilbod og serveringstader langs heile hamneområde gjorde dagane til ein folkefest av dimensjonar. 


"Sedov", verdas største seglskip. Foto: Scandion. 

Historia bak Tall Ships´ Race 

I mange år var denne kappseglasen over heile verda kjendt som "Cutty Sark". Frå og med sommaren 2004 er Sail Training International (STI) den nye arrangøren, men formålet er framleis å gje glede og utfordring til unge frå ulike nasjonar. 

Då dei store skuleseglskipa si ære var i ferd med å ta slutt på midten av forrige århundre, tok London-advokaten Bernard Morgan i 1955 initiativ til ein kappseglas for dei flotte seglskipa. 

Året etter var 20 skip frå i alt 11 land klar for å stevne ut på den første kappseglasen - som i media fekk tilnamnet Tall Ships´Race - dei høge skipas kappseglas. Seglasen vart ein suksess, og det vart bestemt å arrangere fleire race. 


"Roald Amundsen". Foto: Scandion. 

Opp gjennom åra vaks seglasen raskt i omfang med årleg deltagelse av mellom 80 og 120 av verdas største seglskip. 

I 1972 fekk arrangøren STA (The Sail Training Association) ein sponsoravtale med Cutty Sark Scots Whisky, og seglasane fekk deretter namnet Cutty Sark Tall Ships´Race. 

Då Whiskyfirmaet trekte seg ut av arrangementet for nokre år sidan, gjekk ein tilbake til det opprinnelege namnet Tall Ships´ Race. 

Tall Ships´Race handlar ikkje berre om konkurranse, men og om kameratskap, samhold og internasjonalt samarbeid. Her får unge mennesker i alderen 15-25 år frå alle nasjonar og ulik bakgrunn anledning til å arbeide saman og oppleve spenning og utfordring på havet. 

Det blir lagt stor vekt på å bryte grenser, og den eigentlege konkurranse handlar om internasjonal og kulturell forståing deltakarane mellom. 


Fregatten "Standart". Foto: Scandion. 

Årets Race 

Startskotet for årets race gjekk i Antwerpen 24. juli. Skipa kom så til Aalborg 29. juli. 2. august sette dei kurs for Stavanger før seglasen blir avslutta i Cuxhaven. 

Seglasen er inndelt i tre etappar, der dei to Antwerpen - Aalborg og Stavanger - Cuxhaven er kappseglaser. 

Etappen mellom Aalborg og Stavanger er ein vennskapsseglas, der besetningsmedlemane byter skip med det mål å styrke dei internasjonale banda. 

Det skipet, som etter seglasen mottek Tall Ships´ Race-prisen, er ikkje det raskaste skipet, men derimot det skip som har gjort mest for internasjonal forståelse og vennskap. 

Påmeldingslista for årets race viser at Aalborg er den hamna som fekk besøk av flest skip - 82 var påmelde. Skip til Antwerpen, Stavanger og Cuxhaven ligg på mellom 60 og 72 skip. 


Parade med mannskap frå "Sedov". Foto: Scandion. 

Crews´ Parade og Prizegiving Ceremony 

Det er ein tradisjon at mannskap frå deltakande skip i kvar vertshamn går i samla parade gjennom byen til ein sentral plass eller park, der dei blir mottatt av borgarmesteren og officials frå Sail Training International til premieutdeling. 


Glade trekkspeltonar frå "Christian Radich". Foto: Scandion. 

82 SEGLSKIP SOM BESØKTE AALBORG 2004 

KLASSE A: 
Alexander von Humboldt - Tyskland 
Artemis - Nederland 
Asgard II - Irland 
Astrid - Nederland 
Christian Radich - Norge 
Eendracht - Nederland 
Georg Stage - Danmark 
Kapitan Glowacki - Polen 
Khersones - Ukraina 
Kruzenshtern - Russland 
Lord Nelson - England 
Mir - Russland 
Oosterschelde - Nederland 
Prince William - England 
Roald Amundsen - Tyskland 
Sedov - Russland 
Standart - Russland 
Statsraad Lehmkuhl - Norge 
Swan Fan Makkum - Nederland 
Thalassa - Nederland 
Thor Heyerdahl - Tyskland 


Folkeliv på kaien. Foto: Scandion. 

KLASSE B: 
Anna Rogde - Norge 
Atlantica - Sverige 
Concordia - Norge 
De Gallant - Nederland 
Excelsior - England 
Godmorgensol - Norge 
Golden Vanity - England 
Jens Krogh - Danmark 
Johann Smidt - Tyskland 
Klaus Störtebeker III - Tyskland 
Morning Star of Revelation - England 
Seute Deern II - Tyskland 
Swan - England 
Tordenskjold - Norge 
Wyvern - Norge 


"Sedov" i solnedgang. Foto: Scandion. 

KLASSE C: 
Antwerp Flyer - Belgia 
Black Diamond of Durham - England 
Brego - Polen 
Dar Szczecina - Polen 
Discovery - England 
Ebb Tide - Nederland 
Esprit - Tyskland 
Hallam - England 
James Cook - England 
Ocean Scout - England 
Offshore Scout - England 
Rupel - Belgia 
Sagitta - Danmark 
Sara Jane - England 
Sekstant - Polen 
Smialy - Polen 
Smuga Cienia - Polen 
Spaniel - Latvia 
Sparta - Latvia 
Stary - Polen 
Vagabundo IV - Tyskland 
Williwaw - Belgia 


"Mir". Foto: Scandion. 

KLASSE D: 
Akela - Russland 
Anne Margaretha - Nederland 
Chaser - England 
Exalibur - Nederland 
Farurej - Polen 
Felicity - Belgia 
Juan de Langara - Spania 
Knez - Polen 
Lietuva - Litauen 
Lokki - Finland 
Lua Dos - Spania 
Merkury - Polen 
Ocean Spirit of Moray - England 
Orsa Maggiore - Italia 
Polarrev - Bergia 
Rhythmic - Belgis 
Rona II - England 
Sirma - Belgia 
Tom - Belgia 
Tomidi - Belgia 
Urania - Nederland 
Vegewind - Tyskland 


Båtliv på Limfjorden. Foto: Scandion. 

GJESTEKLASSE 
KLASSE C: 
Svanen - Danmark 
Thyra - Danmark 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal