Anker - frå stein til jern
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.02.2004
Dei første ankera som historia kjenner til, var
steinar som var festa i eit tau til båtane. Kinesiske og egyptiske
fartøy brukte slike anker omkring 3000 år f. Kr.
Etterkvart kopierte grekarane og romerane desse ankera,
men utviklinga gjekk vidare. Etterkvart kom metallankeret med berre ein
arm. Denne typen er kjent frå omkring 600 f. Kr.
Ein må heilt fram til 1700-talet før ein
finn smijern i ankera, og på denne tida var det vanleg at dei hadde
ei bueform. Omkring 1770 blei det heilt slutt på anker med ankerstokk
av tre, desse blei no også laga av jern.
I 1821 konstruerte engelskmannen Hawkins eit anker utan
ankerstokk. Armane var slik montert at dei automatisk greip tak samtidig
i botnen. Denne typen blei vidareutvikla mellom 1872 og 1877 av engelskmennene
C. og A. Martin, S. Baxter og W.Q. Byers.
CQR-ankeret, eller plogankeret, som engelskmannen G.I.
Taylor tok patent på i 1933, har ein uvanleg konstruksjon. I enden
på ankerfoten sit det eit dobbelt plogskjær, som har ei nesten
dobbel så god festeevne som vanlege anker.
I dag er desse ankertypane vanlige ; dregg, Halls anker
(stokkanker) og patentanker. |