Dampskipet "Bergen"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 02.01.2008
Dampskipet "Bergen". Maleri på porselenskopp tilhøyrane
Sjøfartsmuseet i Bergen.
Fredag 3. desember 1852, klokka 13.00, kom dampskipet
"Bergen" inn på Bergen hamn. Fartøyet hadde ei lengde over
dekket på 186 fot og ei breidde på midten på 24 fot.
To skorsteinar og tre master ga skipet ein stolt reisning. Farten på
prøveturen var 13 knop og vart rekna som svært tilfredstillande.
Salutt frå festninga skremde folk som trudde skota varsla om stor
ildebrann.
Michael Krohn. Fotografi av maleri av Knud Bergslien
1852.
Mannen som skapte Det Bergenske Dampskibsselskab
Då Michael Krohn i 1851 starta arbeidet som førte
fram til danning av Det Bergenske Dampskibsselskab, hadde han alt løyst
viktige oppgåver og vunne ein sterk posisjon i Bergen. I kraft av
si slekt og sine private forretningar høyrde han til den indre krets
av byens økonomiske leiarar.
12. desember 1851 kl. 10.00 var det halde konstituerande
generalforsamling i Det Bergenske Dampskibsselskab.
Generalforsamlinga vart halden på Børsen,
der det vart lagt fram opplysningar om kjøp av skip, utarbeida av
Michael Krohn sin tekniske rådgjevar, kaptein Jakob Rieck Ege.
Vidare behandla generalforsamlinga forslag til "Statuter
for Det Bergenske Dampskibsselskab".
I §1 i protokollen stod det; "Det Bergenske Dampskibsselskab,
der bestaar af Eiere af Actier á 100 Spd., søger at vedligeholde
en regelmæssig Dampskipsfart imellem Bergen, Stavanger, Christianssand
og Altona eller Hamburg".
Dagen etter kalla direksjonen til den nye generalforsamlinga
inn aksjonærane som skulle fatte beslutning om kjøp av selskapets
første skip, og aksjonærane møtte alt den 16. desember.
På møtet vart det beslutta å bemyndige direksjonen til
"efter dens bedste Indsigt og Omdømme" å foreta billigast
muleg innkjøp av eit ferdig dampskip, eller bestilling av eit nytt.
Kaptein Jakob Rieck Ege. Etter fotografi.
På oppdrag til England
18. desember fekk kaptein Ege i oppdrag å "begive
sig paa Reise over Christiania og Hamburg til England" for å skaffe
dei opplysningar direksjonen ville trenge før den fatta endeleg
vedtak.
Postforbindelsen med utlandet var sein, og direksjonen
forstod at dersom det skulle bli fortgang med saka, måtte kaptein
Ege treffe mange forløpige vedtak på eiga hand.
Dei første rapportar han sende heim gjekk ut på
at det ikkje synest muleg å få kjøpt eit verkeleg godt
ferdig skip, så han foreslo at det skulle bestillast ein hjuldampar
av jern hos firmaet Ths. Toward i Newcastle med maskineri frå den
verkstaden den berømte ingeniøren Robert Stephenson hadde
starta.
Bestilling av skip
I ei ekstraordinær generalforsamling 28. februar
1852 vart det fatta vedtak om at kaptein Ege skulle bestille eit slikt
skip med 180 hestekrefter for £ 11 000. Denne summen var meir enn
selskapet sin økonomi kunne tåle, men ein av aksjonærane,
konsul August Konow erklærte seg villig til å teikne 14 fleire
aksjar.
I forhandlingar mellom Mr. Toward og kaptein Ege vart
det bestemt at ein ville bygge skipet etter nokre andre spesifikasjonar
enn dei opprinnelege, bl.a. med ei maskin på berre 170 hestekrefter.
Dette krov ei ny generalforsamling, den 16. mars 1852, - der det vart bestemt
"at man var tilfreds med, hvad enten Skibet blev af 170 Hestekraft til
£ 10 700 eller av 180 Hestekraft til £ 11 000".
Spørsmål om namn på skipet kom også
opp på denne generalforsamlinga. Eit fleirtal på fire medlemmar
av direksjonen foreslo "Bergen", medan skipsbyggmeistar Brunchorst stilte
forslag om "Olav Kyrre". Fleirtalet sitt forslag vart vedteke.
Direksjonen hadde håp om å få skipet
ferdig så tidleg at det kunne komme i fart utpå hausten 1852.
Leveringsdatoen var sett til 25. juli - men det viste seg at Mr. Toward
ikkje vart i stand til å levere "Bergen" den dagen han hadde forplikta
seg til. Skipet vart først ferdig i november - og Toward nekta å
betale den avtalte mulkta for sein levering, noko det i 1853 vart gjort
vedtak om å inndrive. Før søksmålet kom for retten,
døydde Mr. Toward. Selskapet kom då til ei minneleg ordning
med buet, som betalte ein del av det skuldige beløpet.
Det var kaptein Ege som tok "Bergen" over Nordsjøen.
Han var kjent som ein dyktig skipsførar, hadde vore Michael Krohns
tekniske konsulent under planlegging av selskapet, og han var ved Mr. Towards
verft under heile byggjeperioden.
Sidan leveringa av skipet vart så seint på
året, måtte direksjonen oppgje tanken om å setje "Bergen"
i fart før på nyåret - og jomfruturen gjekk frå
Bergen til Hamburg 15. februar 1853. Ombord var det passasjerar og post
til utlandet - og skipet hadde det kongelege splittflagg.
"Bergen" gjekk i ruta Hamburg Kristiansand Bergen
Trondheim fram til 1865. Frå 1865 gikk det i rute Bergen Hammerfest
Bergen Kristiania.
Dampskipet "Bergen" forliste i 1871.
Poststempel
Bergen brukte eit sirkelforma handstempel fram til
1865. Det var blått eller svart.
Spesifikasjonar
"Bergen" var oppført i Lloyds klasse A1, og var
på 476 registertonn.
Fartøyet hadde ei lengde over dekket på
186 fot og ei breidde på midten på 24 fot. Akterut var det
eit halvdekk, slik at salongen for første plass fekk stor høgde
under taket. Denne salongen var bygd av heil mahogni og utstyrt med fløyelstrekk
på sofaer, mahognibord og forgylt listverk.
Skipet hadde plass til 40 passasjerar på første
plass, og hadde 16 "aabne Køier" på andre plass.
To skorsteinar og tre master ga skipet ein stolt reisning.
Farten på prøveturen var 13 knop og vart rekna som svært
tilfredstillande.
-----------------------------------------------------------------------------------
Kjelde: "Norges eldste linjerederi" av Wilhelm Heilhau (jubileumsskrift
til Det Bergenske Dampskibsselskabs 100-års dag - 1951).
I boka kan ein lese at dei sakkyndige og almenheita var
ytterst tilfreds med fartøyet.
Ein utførleg beskrivelse av skipet stod også
å lese i "Bergenske Blad" den 15. desember 1852. |