Cruiseskipa på Vestlandet
Forfatter: Wilhelm Waage
Publiseringsdato: 26.12.2002
Det var «flytande hotell» dei var kalla tidlegare,
frå dei første gong synte seg i vestlandsfjordane. Grunnen
til at denne trafikken byrja var heilt enkelt at hotell - kapasiteten her
vest var for liten og kvaliteten for dårleg. Vestlandske fjordar
vart utruleg populære i Storbritannia og på Kontinentet på
fåe år.
M/S "Stella Polaris"
Dei flytande hotella kom, og dei vart verande i sesong
etter sesong heilt til den første verdskrigen sette ein stoppar
for open ferdsle til sjøs. Men før so langt kom, hadde britar
og tyskarar lagt sin elsk på landet vårt, på ulik måte.
Kva tid det vi no får kalla cruiseskipet vart sett i ein vestlandsfjord
for første gong, veit vel ingen for visst, men i Geiranger meiner
ein at det var kring 1870. Nett den staden har vore eit av dei faste måla
for mengder av turistskip opp gjennom åra.
Namn på dei første skipa kjenner ein vel
ikkje. Men i Jon Ytrehorn si bok «Nordfjord og Sunnmøre Billag
1914- 1948» har han teke med eit bilete frå Øye - Norangsdal,
der ein ser eit av dei skipa som var fast gjest i mellomkrigsåra,
nemleg ein HAPAG-dampar med tre skorsteinar. Dette tyske reiarlaget høyrde
ei tid til dei store når det galdt Vest- og Nord-Noreg. På
eit anna bilete frå Hellesylt ser ein óg eit tysk skip, truleg
«Monte Rosa». Men dette er altso frå det vi lyt kalla
«nyare tid».
D/S "Meteor"
Når det gjeld cruiseskip i Sogn og Fjordane, so
finn vi i Charles Harvey si bok «1884 - 1984 Alexandra - Eit familiehotell»
eit avsnitt som fortel at S/S «St. Rognvald» gjekk i turistrute
til Hardanger - Sogn og Romsdal i 1886.
Men meir interessant er det som vert fortalt om det britiske
skipet «Midnight Sun», som ti år seinare kom på
vitjing til Loen, som det første utanlandske turistskipet der i
bygda.
Dei årstala vi her har nemnt er med og byggjer opp
under påstanden Halldor O. Opedal kjem med i boka «Turistferdsla
i Hardanger før bilen kom». Der viser han bilete av S/Y «Ceylon»
på hamna i Odda, og han seier, at dette er det første turistskipet
i verda. Første vitjinga var i 1883, og skipet var i Hardanger nesten
kvart år fram til 1907. Sjølv om det finns dei som seier at
Hardangerfjorden var den mest populære i turismen sine første
tiår, so er det lite truleg at ikkje dei flytande hotella óg
vitja dei andre fjordane her vest. Det gjorde i alle fall keisar Wilhelm
II med skipet sitt «Hohenzollern».
No var det slett ikkje berre utanlandske turistskip å
sjå i fjordane og langs kysten i sommarsesongen i tida fram til 1914.
Norske reiarlag var óg frampå heller tidleg.
Mellom dei var Det Bergenske Dampskibsselskab, som skaffa seg fleire «turistskip»
i åra 1882 - 1914. Mellom desse var «Nordstjernen» (1882-1940),
«Capella» (1885-1940), «Neptun» (1890-1928), «Mira»
(1891-1941) og «Vega» (1895-1916).
Av desse var det «Mira» som kvitmåla
var kongeskipet i samband med Kong Haakon si kroning i Trondheim i 1906.
Kaptein på skipet den gongen var Torger Torgersen, som frå
1910 til 1936 var direktør i Fylkesbaatane.
Vi skal ta for oss juli månad i 1914, som var prega
av stor turistflaum til lands og til sjøs. Dei største turistskipa
hadde heile tida vore dei britiske, men dei mest «slagkraftige»
hadde nok vore keisaren sin tyske flotilje. Den 25. juli låg dei
samla i Balestrand, slik dei hadde gjort mest kvart år frå
1887. Alt var normalt, såg det ut til. Men om ettermiddagen sa keisaren
brått farvel til venene sine, og skipa gjorde nokre æresrunder
på fjorden, noko som óg hadde vore vanleg. Og so var ein epoke
over.
Ikkje alle skyna det den dagen, men mange gjorde det.
Turistnæringa her vest gjekk mot sers trange tider. Den første
verdskrigen var eit faktum, og den varde til 11. november 1918. Men etterverknadene
varde mykje lenger og førde med seg svære økonomiske
problem i heile verda, ikkje minst i dei landa som låg turistnæringa
vår nærast - Storbritannia og Tyskland.
I dei gode åra som hadde vore i denne næringa
fram til krigsutbrotet, vart det bygt mange nye hotell kring i distriktet
vårt, so fylket vårt stod godt rusta til å ta imot turistane,
når dei måtte koma. Og dei kom. Tida fram til det neste krigsutbrotet
vart likevel på mange vis meire positiv enn ein skulle tru. Det mest
markante trekket er det, at turismen utvikla seg til ei næring, noko
som gav seg uttrykk i ei organisering som gav seg gode resultat.
Cruisefarten tok for alvor til att etter som økonomien
betra seg i USA og i Europa, noko som fann stad noko etter 1930. Men alt
før den tid hadde turistane byrja koma til landet att. Det er alltid
nokon som har pengar og som ynskjer å sjå litt av verda.
Og for britane vart Noreg atter eit godt reisemål,
noko den aukande trafikken i BDS si englandsrute synte. Og den trafikken
førde med seg auke i ruteferdsla i distriktet vårt óg.
Talet på turistar auka jamt og trutt, og mange av hotella og pensjonata
hadde gode sommarsesongar.
No var ikkje skipa til Fylkesbaatane flytande hotell nett,
men dei hadde vorte moderniserte og pussa opp etter kvart, og i 1915 hadde
selskapet fått «Nordfjord I», som vart populær
mellom dei reisande. På trettitalet kom so «den kvite flåten»
- dei nye motorskipa våre - som sommarstid vart sette inn i dei lokale
turistrutene i Sogn og Nordfjord. So Fylkesbaatane var med på leiken,
ikkje minst då selskapet bygde D/S «Fanaraaken» i 1937.
Framleis var dei vanlege rutebåtane viktige brikker i transportsystemet
her vest.
Når ein snakkar om «den kvite flåten»
vår, so la oss for all del ikkje gløyma å ta med BDS
sine to kvite svaner - D/S «Meteor» som vart kjøpt i
1921 og M/S «Stella Polaris» bygd i 1927, og som i sommarsesongen
var faste gjester i vestlandsfjordane og på Nordkapp-turar.
Mange vil nok seia, at dei tykte P&O Line sine skip
«Orion» og «Orontes» var vel so trufaste travarar
her vest i desse åra. Dei la vel óg att meire pengar her,
for dei sette passasjerar i land fleire stader og ordna med overlandkøyringar
som både skyssfolk og hotell sette pris på. Mindre pris sette
vi på dei tyske «Kraft durch Freude»-skipa som etter
kvart synte seg fram i fjordlandskapet. Ja, for ein får inntrykk
av, at det var berre det dei gjorde, der dei med klingande tysk militærmusikk
og tyske nasjonal og Hitler-songar dreiv «cruisefart» her vest.
«Kraft durch Freude» var ein organisasjon som skipa til billegturar
til England og Noreg for industriarbeidarar i Saar- og Pfalz-området.
Eit av skipa heitte «Monte Rosa», og vart teke hand om i Oslo
under krigen av ein ikkje ukjend mann ved namn Max Manus. Men i fredstid
hadde ikkje skipet hatt noko vanskar i fjordfarten sin, for dei nytta norske
losar.
Men sjølv for den beste los kan det floka seg til
når skodde, straum og hard vind gjer seg gjeldande. Og det gjorde
det den 20. juni 1934, då Norddeutsher Lloyd sitt 15.000 tonn store
cruiseskip «Dresden» heldt på å laga skipskatastrofe
utanfor Karmøy. Dette er sovidt vi kjenner til det einaste forlis
ein har hatt her sørpå når det gjeld store turistskip.
«Dresden» var på sin fjerde noregstur det året
med «Kraft durch Freude»-reisande. Skipet skulle til Hardanger,
men skodda hindra skipet i å koma seg inn i fjorden. Som eit plaster
på såret for dei reisande skulle ein gå mest mogleg innaskjers
søretter att, for skodda såg ut til å vera lettare der.
Diverre tetna ho til att, so skipet måtte gå ut til havs nord
for Haugesund og gå på utsida av Karmøy i retning Stavanger.
Men vinden auka på og regntjukka tetna til, og i tung sjø
med null sikt rørde «Dresden» ved botnen på Arsgrunnen
sør for Karmøy.
Det vart fort klårt at skipet tok inn vatn, og med
full fart gjekk det mot Karmøy, der ein sette det på land
ved Blikshavn. Om bord var det 1.400 menneske som var i livsfåre.
Naudmeldingane nådde ei rekke skip, mellom anna det britiske slagskipet
«Rodney», men det som låg aller nærast av dei som
hadde litt passasjerkapasitet var Nordenfjeldske sitt hurtigruteskip «Kong
Harald». I dei åra var Stavanger endestogget for denne ruta.
Ogso fleire lokalskip og private båtar kom til.
Men den verkelege dåden var det kystruteskipet «Kronprinsesse
Märtha» som kom til å gjera, då det, takka vere
kaptein Lars Pallesen, i ein aldeles prekær situasjon klarte å
berga 600 menneske. Medan berginga stod på, krengde «Dresden»
snøgt over, og akterskipet sokk straks etter.
Det gjekk gjetord om denne bragden. Kaptein Pallesen fekk
eit diplom underteikna av Adolf Hitler for den dåden. Det diplomet
førde til at Lars Pallesen jr., som i 1943 vart arrestert av Gestapo
og send til Sachsenhausen; han kom i februar 1944 attende til Grini og
vart frigjeven 20. juni 1944, på ti- årsdagen for faren sin
bergingsdåd. Faren sin innsats berga altso sonen sitt liv.
Kor vart dei av, alle dei store turistskipa som vitja
fjordane våre i åra like før andre verdskrigen?
Fleire vart senka medan dei var i troppetransport, andre
vart bomba i hamn. Og so vart sjølvsagt fleire av dei so umoderne
og dyre i drift, at dei enda som spiker. Det gjorde Fylkesbaatane sine
beste «turistbåtar» óg, truleg óg «Fanaraaken»,
som sokk på hamna i Pireus...
-----------------------------------------------------
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 1998 |