Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Nordsjøtravaren D/S «Jupiter»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.08.2002

Mange av dei som i åras løp har kryssa Nordsjøen på reise til Newcastle har gode minner om gamle «Jupiter». Skipet vart levert frå Lindholmens Verkstad A/B, Göteborg, i januar 1916, og var dobbelt så stor som sine forgjengarar i ruta Bergen - Newcastle. 

Tonnasjen var 2.511 TBR, og måla 305,2 fot lengde, 47,1 fot breidde. Ei triple ekspansjons dampmaskin, bygd av verkstaden, gav skipet ein fart på 15 1/2 knop, og dermed kunne reisetida Stavanger - Newcastle reduserast til ca. 22 timar. 

Bortsett frå åra 1917-18 gjekk «Jupiter» trutt og trufast i Englandsruta, utan alvorlege uhell, til skipet vart avløyst i 1938 av nybygde M/S «Vega». Det vart tid til eit kort gjestespel i ruta Trondheim - Bergen - Rotterdam før 2. verdskrig braut ut. Skipet vart rekvirert av tyskarane, og tente fyrst som losjiskip for norske krigsfangar frå kampane i 1940. Deretter kom skipet i fart på norskekysten til vi i 1944 finn det i trafikk mellom Danmark og Oslo. 

23/10 1944 vart det tyske flagg heist og «Jupiter» kom fyrst attende til BDS etter frigjeringa. 

Etter krigen vart skipet reparert og oppussa, for så å komme attende til si gamle rute Bergen - Newcastle. Her gjekk det til den nye, store «Leda» vart levert i 1953. Sin svanesong under norsk flagg fekk «Jupiter» i 1954 etter at nordgåande hurtigrute D/S «Nordstjernen» hadde forlist i Raftsundet. 

Fram til hausten 1955 gjekk «Jupiter» i hurtigruta Bergen - Kirkenes, og mange hugsar med glede eventyrreisa nordover langs kysten med det store prektige skipet. 

I 1955 vart skipet seld til Epirotiki Steamship Navigation Co. Ltd. (George Gepotamianos S.A.), Piræus, og kom under gresk flagg med namnet «Hermes». Fartsområdet var det indre Middelhav. 

4. mars 1960 braut det ut ein voldsom brann ombord, medan skipet låg i opplag i Hellas. Det var ikkje mykje att av den stolte, gamle nordsjøtravaren då brannen var sløkt, vraket vart kondemnert og «Jupiter» endte sitt liv ved opphøggingskaia. 

Kjelde: Båtane våre - hvor ble dei av. Utgjeve av Bergens Tidende og J. W. Eides Trykkeri. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal