Logg - i gamle dagar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 03.11.2005
For å måle farten på skip i gamle dagar
vart eit loggbrett, festa til ei logglina, kasta i sjøen. Loggbrettet
vart ståande på tvers av fartsretninga då logglina, som
hadde knutar (knop) med fast avstand, gjekk ut. Denne innretninga vart
kalla hand-logg eller flyndre-logg, og logglina hadde knutar med 14,4 meters
avstand.
For
å måle tida brukte ein eit timeglass der sanden rann ut på
28 sekundar. Når glasset var tomt, telte ein antal knutar som hadde
gått ut. Ein fekk såleis eit mål for skipet sin fart
f.eks. 5 knop.
1 knop er altså 14,4 meter på 28 sekundar,
dvs. at 1851 meter er 1 nautisk mil i timen.
Seinare kom patent-logg eller slepe-logg som består
av ein propell som vert slepa etter skipet og roterar i samsvar med den
farten skipet har. Rotasjonen vert her overført via logglina til
eit teljeverk, der ein kan lese av seglingsdistansen.
Elektrisk logg består av to konsentriske rør
som er fastskrudd i ein botnventil på skipet. På grunn av farten
på skipet vert vatn pressa opp gjennom det innerste røret
og driv ein propell - før det går gjennom det ytre røret
som har opning akterover. Propellen driv ein kontaktinnretning som sluttar
ein elektrisk straum ein gong for kvar omdreining. Straumstøta driv
så eit teljeverk. |