Navigasjonsakten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.07.2005
Navigasjonsakten
var ei engelsk sjøfartslov av 1651 som bestemte at varer frå
koloniane berre måtte innførast på engelske fartøy.
Vidare at europeiske varer berre kunne innførast
med engelske skip eller skip som høyrde heime i produksjonslandet.
Navigasjonsakten var spesielt retta mot den nederlandske
fraktefart, men det vart innfridd fleire dispensasjonar, bl.a. for trelasteksporten
frå Noreg til England på nederlandske skip.
Norsk skipsfart tok seg sterkt opp då Navigasjonsakten
vart oppheva i 1849. |