Florø radio
Forfatter: wikipedia
Publiseringsdato: 10.09.2006
Florø radio spelar ei viktig rolle innan maritim
radiokommunikasjon, sjøsikkerheit og redningstjeneste og den ligg
strategisk til i høve til olje- og fiskeriaktivitetar i den nordlege
delen av nordsjøen og norskehavet.
Florø radio (LGL) er ein kystradiostasjon lokalisert
i Florø i Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppretta i 1938 etter
krav frå ”Ruteskipenes Befalsforbund”. Bakgrunnen var m.a. fleire
grunnstøtingar av hurtigrutene i Florø-leia.
Stasjonen er døgnbemanna og avlyttar kontinuerlig
internasjonale nød- og kallekanalar på VHF og MF.
I mai 2004 overtok stasjonen fjernstyringa av Ørlandet
radio sine radioanlegg etter at denne stasjonen vart stengt, og stasjonen
sitt ansvarsområde vart då utvida til å omfattar sjø/hav-områda
i og utanfor fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-trøndelag
og Nord-trøndelag og strekkjer seg i dag frå Sognefjorden
og Oseberg-feltet i sør til Rørvik og Heidrun-feltet i nord.
Kjelde: Nynorsk Wikipedia |